Til hovedinnhold

Opnar for meir import av egg

Frå 14. mai er det null toll på egg. Målet er at importerte egg skal sørgja for nok egg i butikkhyllene og til matindustrien.

Dei fire første månadene i år mangla det tusen tonn egg for å dekkja etterspurnaden i Noreg, viser prognosar frå Nortura. Derfor har Landbruksdirektoratet redusert tollsatsen for import av egg. Tollkuttet har allereie gitt auka import. Dette bidreg til å redusera mangelen på egg.

Egglager
Foto: Landbruksdirektoratet

 

Import hjelper 

Det er importert ca. 700 tonn egg dei tre første månadene i år. Apriltala er enno ikkje klare, men det er forventa at importen vil liggja tett opp mot prognosen til Nortura på tusen tonn. Det er likevel forventa at det vil vera litt for lite egg i marknaden også i perioden mai til august. For å dekkja underskotet i 2024 må det importerast i overkant av to tusen tonn egg.  

Det kjem nye prognosar, men det er ikkje forventa store endringar. Derfor har Landbruksdirektoratet fjerna toll på import av egg og heleggmasse frå 14. mai til 24. juni. 

Tollsatsane finn du her.