Det vert i proposisjonen synt til at hovudformålet med
ein frihandelsavtale mellom EFTA-statane og PLO på vegne
av Den palestinske sjølvstyresmakta (PA) er å medverke
til økonomisk utvikling i dei palestinske områda
ved å betre handelsvilkåra for varene deira. Det
har òg vore eit sentralt poeng å sikre parallellitet
med EU for å oppnå same handelsvilkår
som i assosieringsavtalen mellom EU og PLO/PA. Dette inneber
at frihandelsavtalen medverkar til å sikre EU og EFTA eit
tilnærma likt handelsregime i høve til dei palestinske
områda på Vestbreidda og i Gaza. Samstundes ønskjer
EFTA-statane å støtte opp om det breiare samarbeidet
mellom EU og middelhavslanda for å sikre politisk stabilitet
og økonomisk utvikling i regionen, den såkalla
Barcelona-prosessen. Ei hovudmålsetjing med det økonomiske
samarbeidet er å skape eit frihandelsområde mellom
EU og middelhavslanda innan år 2010. Frihandelsavtalen
mellom EFTA-statane og PLO/PA og dei bilaterale landbruksprotokollane,
som er forhandla fram parallelt med frihandelsavtalen, må også sjåast
i denne samanhengen.
Det vert vidare synt til at frihandelsavtalen
mellom EFTA og PLO/PA er bygd over same leisten som EFTA sine
frihandelsavtalar med tredjeland. Avtalen inneheld såleis
føresegner som byggjer på utviklinga i det internasjonale
handelsregimet i den seinare tida. Avtalen er samstundes forhandla
fram på bakgrunn av Paris-protokollen (Protocol on Economic
Relations, underskriven i Paris 29. april 1994) mellom
Israel og Den palestinske sjølvstyresmakta (PA).
Frihandelsavtalen omfattar alle dei palestinske områda
som vart okkuperte i 1967, med andre ord Vestbreidda og Gaza. Israel
har argumentert mot at Vestbreidda og Gaza blir handsama som eit
særskilt tollområde. Frå EFTA si side
har ein valt å leggje seg på samme linje som EU. Den
mellombels assosieringsavtalen mellom EU og PLO/PA inneheld
like ordningar som avtalen mellom EFTA og PLO/PA. Enkelte
føresegner i avtalen er utarbeidd med utgangspunkt i at
PA på enkelte område har avgrensa kompetanse etter
Paris-protokollen. Dette gjeld mellom anna offentlege innkjøp,
immaterialrettsleg vern, konkurransereglar samt fisk og fiskeprodukt. Avtalen
er ein mellombels avtale til PA sin endelege status er avklart.
Handelen med uforedla landbruksvarer er omfatta av ein bilateral
landbruksprotokoll som Noreg og PLO/PA har inngått.
Frihandelsavtalen og den bilaterale landbruksprotokollen vil bli
notifisert samstundes til WTO for å tilfredsstille kravet
i GATT/WTO om at eit frihandelsområde skal omfatte
hovuddelen av samhandelen.
Det vert opplyst i proposisjonen at det vert
oppretta ein komité‚ som skal administrere og
føre tilsyn med avtalen, og jamleg vurdere behovet for
vidareutvikling av avtalen.
Ein eigen tilleggsprotokoll er avtala mellom
partane. Tilleggsprotokollen inneheld presiseringar frå ein
eller fleire avtalepartar si side når det gjeld gjennomføringa av
avtalen, og uttrykkjer vilje til å utvide avtalen på visse
område.
Det vert synt til at frihandelsavtalen inneheld
ein protokoll som gjev Noreg rett til ved ratifikasjon å halde Svalbard
utanom det geografiske verkeområdet for avtalen, med unntak
av dei føresegnene som gjeld handelen med varer. Noreg
vil gjere bruk av denne retten.
Frihandelsavtalen er ein multilateral avtale
mellom PLO på vegne av Den palestinske sjølvstyresmakta
på den eine sida og EFTA-statane samla på den
andre. Folkerettsleg er avtalen bindande mellom dei einskilde EFTA-statane
og PLO/PA gjennom identiske tekster.
Det vert opplyst at frihandelsavtalen frå norsk
side vart underskriven 30. november 1998. Avtalen trer i kraft 1.
juli 1999 for dei partane som har deponert ratifikasjons- eller
godkjenningsdokumenta sine hos depositaren, så framt avtalen
trer i kraft for Den palestinske sjølvstyresmakta innan
denne datoen. Om ein part ikkje har deponert ratifikasjons- eller
godkjenningsdokumenta sine hos depositar innan 1. juli 1999, trer
avtalen i kraft første dagen i den tredje månaden etter
at parten har deponert ratifikasjons- eller godkjenningsdokumenta
sine hos depositaren, så framt avtalen er tredt i kraft
for Den palestinske sjølvstyresmakta.
Det vert halde fram i proposisjonen at den mellombels
frihandelsavtalen mellom EFTA og PLO/PA og den bilaterale
landbruksprotokollen mellom Noreg og PLO/PA ikkje får
særlege budsjettmessige følgjer for Noreg.
Utover vanlege oppgåver i samband med
Den blanda komiteen og toll- og opphavsrelaterte oppgåver,
vil ikkje avtalen og landbruksprotokollen medføre administrative
følgjer.
Avtrykk av avtalen i engelsk språkversjon
og uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg
til proposisjonen.
Komiteen vil vise
til at stabil økonomisk utvikling i de palestinske områdene
er en nødvendig del av fredsprosessen i Midtøsten.
Frihandelsavtalen mellom EFTA og PLO representerer ett av flere
tiltak for å sikre markedsadgang for palestinske varer. Komiteen har
merket seg at det har vært et sentralt poeng å sikre
en parallellitet med den tilsvarende handelsavtalen mellom EU og
PLO. Slik får EU og EFTA et tilnærmet likt handelsregime
i forhold til de palestinske områdene.
Komiteen mener på denne
bakgrunn at avtalen mellom EFTA og PLO kan ha en stor politisk betydning. Komiteen ser
også på avtalen som en integrert del av det samarbeidet
som EU utvikler rundt Middelhavet og i Midtøsten, av og
til omtalt som "EUs sørlige dimensjon".
Komiteen har elles
ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Stortinget
til å gjere slikt
vedtak:
Stortinget gjev samtykke til ratifikasjon av ein mellombels frihandelsavtale
av 30. november 1998 med tilhøyrande vedlegg og protokollar
mellom EFTA-statane og PLO på vegne av Den palestinske
sjølvstyremakta (PA) og erklæring i samsvar med
protokoll E, i samsvar med forslag framlagt i proposisjonen.
Oslo, i utanrikskomiteen, den 11. juni 1999.
Haakon Blankenborg,
leiar. |
Marit Nybakk,
ordførar. |
Einar Steensnæs,
sekretær. |