Forskrift om saksbehandling i saker om odelsfrigjering etter odelslova § 30 og § 32

DatoFOR-2011-02-11-138
DepartementLandbruks- og matdepartementet
PublisertI 2011 hefte 2
Ikrafttredelse11.02.2011
Sist endretFOR-2020-12-21-3044 fra 01.01.2021
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1974-06-28-58-§33, FOR-2011-02-11-137
Kunngjort15.02.2011   kl. 14.45
KorttittelForskrift om saksbehandling i odelssaker

Heimel: Fastsett av Landbruks- og matdepartementet 11. februar 2011 med heimel i lov 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten § 33, jf. delegeringsvedtak 11. februar 2011 nr. 137.
Endra ved forskrifter 12 des 2013 nr. 1496, 22 sep 2014 nr. 1223, 21 des 2020 nr. 3044 (i kraft 1 jan 2021).

§ 1.Formål og virkeområde

Denne forskrifta har til formål å sikre effektiv og forsvarleg saksbehandling i saker om odelsfrigjering etter lov 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten (heretter kalla odl.) § 30 og § 32.

0Endra ved forskrift 12 des 2013 nr. 1496 (i kraft 1 jan 2014).

§ 2.Definisjonar

I denne forskrifta tyder:

a.odelseigedom: den eigedom som det blir søkt om odelsfrigjering av.
b.odelsfrigjering: eit vedtak som inneber at kvar og ein av odelsrettshavarane på tidspunktet for vedtaket, misser sin odelsrett.
c.odelsfrigjerar: den som har søkt om odelsfrigjering etter odl. § 30 eller § 32.
d.odelsløysar: den som har teke ut stemning mot eigaren etter odl. § 60.
e.odelsrettshavar: den som har odelsrett til eigedomen.
0Endra ved forskrift 12 des 2013 nr. 1496 (i kraft 1 jan 2014).

§ 3.Generelle krav til søknad om odelsfrigjering

Skriftleg søknad om odelsfrigjering etter odl. § 30 og § 32 skal sendast til kommunen der odelseigedomen ligg. Kopi av odelsfrigjeraren sitt ervervsdokument med løyver og forkynt stemning i odelsløysingssaka skal leggjast ved søknaden. Søknaden skal innehalde opplysningar om kva som er formålet med odelsfrigjeringa.

Dersom kommunen eigedomen ligg i står som odelsfrigjerar, skal saka etter vanleg saksførebuing, jf. forskrift 8. desember 2003 nr. 1480 om saksbehandling mv. i kommunen i saker etter konsesjonsloven, jordloven, odelsloven og skogbruksloven § 1, sendast til Statsforvaltaren som avgjer om det skal takast steg til odelsfrigjering.

0Endra ved forskrifter 12 des 2013 nr. 1496 (i kraft 1 jan 2014), 21 des 2020 nr. 3044 (i kraft 1 jan 2021).

§ 4.(Oppheva 1 jan 2014 ved forskrift 12 des 2013 nr. 1496.)

§ 5.Frist for å søkje om odelsfrigjering

Søknad om odelsfrigjering etter odl. § 30 og § 32 må setjast fram innan to månader etter at stemning i løysingssak blei forkynt for eigaren. Kommunen kan gi oppfrisking for oversitting av fristen.

0Endra ved forskrift 12 des 2013 nr. 1496 (i kraft 1 jan 2014).

§ 6.Varsling av odelsrettshavarane om deira rett til å gi uttale

Kommunen skal straks søknaden er motteke, så langt det lar seg gjere, gi odelsrettshavarane høve til å uttale seg om odelsfrigjeringsspørsmålet.

Overfor den som det er vanskeleg å gi individuelt varsel, er det nok med kunngjering i Norsk Lysingsblad og i ei avis som er ålment lesen på staden.

§ 7.Frist for odelsrettshavarane til å gi uttale

Kommunen skal setje ein uttalefrist på ein månad. Denne fristen skal gjelde både for den som får individuelt varsel og den som får varsel gjennom kunngjering som nemnt i § 6 andre ledd.

Kommunen skal be odelsrettshavarane om å sende uttalen til kommunen.

§ 8.Kommunen si plikt til å innhente opplysningar

Kommunen skal innhente opplysningar som ikkje går fram av odelsfrigjeringssøknaden når opplysningane kan ha noko å seie for avgjerda i saka.

§ 9.Kommunen skal vurdere om det skal takast steg til odelsfrigjering og varsle retten

Når kommunen meiner saka er godt nok opplyst, skal den utan ugrunna opphald avgjere om det skal takast steg til odelsfrigjering.

I alle saker etter odl. § 30 og § 32 skal kommunen kontrollere om søknad om odelsfrigjering er sett fram av eigaren innan 2 månader rekna frå stemning i løysingssaka blei forkynt for han.

Gjeld søknaden odelsfrigjering etter odl. § 30, skal kommunen vurdere om

a.den aktuelle eigedomen er odelsjord, og om
b.staten eller ein kommune har teke over, eller vil ta over slik jord.

Gjeld søknaden odelsfrigjering etter odl. § 32 andre ledd, skal kommunen vurdere om

a.nokon friviljug har «late frå seg odelsjord»,
b.overtakar har søkt om odelsfrigjering.

Kjem kommunen til at vilkåra er oppfylte for den aktuelle søknaden, skal kommunen varsle retten om at det vil bli teke steg til odelsfrigjering, og be om at løysingssaka blir stansa, jf. odl. § 33 andre ledd. Kommunen skal varsle partane om at det vil bli teke steg til odelsfrigjering og at løysingssaka blir stansa.

Kjem kommunen til at vilkåra ikkje er oppfylte, skal kommunen avslå søknaden om odelsfrigjering. Avslaget kan påklagast til Statsforvaltaren.

0Endra ved forskrifter 12 des 2013 nr. 1496 (i kraft 1 jan 2014), 21 des 2020 nr. 3044 (i kraft 1 jan 2021).

§ 10.Kommunen si uttale når det gjeld spørsmålet om odelsfrigjering (realiteten)

Kjem kommunen til at det skal tas steg til odelsfrigjering, skal den gi uttale om sitt syn på spørsmålet om odelsfrigjering (realiteten) og sende saka til Statsforvaltaren. Kommunen skal sende kopi av uttala si til partane og dei andre odelsrettshavarane. Kommunen skal be dei senda sine merknader til uttala til Statsforvaltaren.

0Endra ved forskrift 21 des 2020 nr. 3044 (i kraft 1 jan 2021).

§ 11.Statsforvaltaren si behandling

Statsforvaltaren skal avgjere odelsfrigjeringssøknaden når saka er så godt opplyst som mogleg.

Statsforvaltaren skal innhente uttale i saker etter odl. § 30 og § 32 frå det departementet som odelsfrigjeringsformålet høyrer inn under.

Blir vedtaket påklaga, skal Statsforvaltaren behandle klaga etter reglane i forvaltningslova.

Tek ikkje Statsforvaltaren klaga til følgje, skal klagesaka sendast til Landbruksdirektoratet. Landbruksdirektoratet skal foreleggje klaga for det departement som odelsfrigjeringsformålet høyrer inn under.

0Endra ved forskrifter 22 sep 2014 nr. 1223, 21 des 2020 nr. 3044 (i kraft 1 jan 2021).

§ 12.Varsel til retten om det endelege utfallet av odelsfrigjeringssaka

Det organet som treffer det endelege vedtaket i odelsfrigjeringssaka, skal varsle retten om utfallet av odelsfrigjeringssaka.

§ 13.Ikraftsetjing

Denne forskrifta trer i kraft straks.

§ 14.Overgangsreglar

I tilfelle der nokon som har ein aktuell odelsløysingsrett når forskrifta her tek til å gjelde, går til løysingssak, gjeld likevel dei tidlegare reglane.

0Endra ved forskrift 12 des 2013 nr. 1496 (i kraft 1 jan 2014).