Til hovedinnhold

Rettleiar for utarbeiding av kommunal jordvernstrategi

Innhold på siden:

1. Bakgrunn – kvifor kommunal jordvernstrategi?

Jordvern handlar om å ta vare på areal av dyrka og dyrkbar jord for framtidige generasjonar. Jordbruk er ei arealkrevjande næring, der resultatet heng nøye saman med kvaliteten og mengda av jordressursar. Samtidig har Noreg relativt lite dyrka jord samanlikna med andre land. Korleis vi forvaltar jordressursane våre er difor av avgjerande betyding for framtidig mattryggleik. Kvifor jordvern er viktig, kan du lesa meir om her.  

Det har lenge vore eit nasjonalt mål at omdisponeringa av dyrka jord skal ned. Det noverande målet er at den årlege omdisponeringa av dyrka jord ikkje skal overstiga 3 000 dekar, og at målet skal vere nådd innan 2025. Målet blei fastsett ved Stortingets behandling av oppdatert nasjonal jordvernsstrategi i 2021. Regjeringa signaliserer i Hurdalsplattforma at ho ønsker å sette eit nytt langsiktig mål om maksimal omdisponering av 2 000 dekar dyrka jord årleg. Les meir om nasjonale mål og føringar for jordvern her.  

Det er kommunane, som lokal planstyresmakt og gjennom vedtaka sine etter jordlova, som omdisponerer areal av dyrka og dyrkbar jord til andre formål enn landbruk. Det er difor avgjerande at kommunane har god kjennskap til både nasjonal og lokal verdi av areala i kommunen sin. Først da kan dei gjere gode avvegingar mellom jordvernomsyn og andre interesser. Dersom kommunane lagar sine eigne jordvernsstrategiar, skaper det merksemd og medvit for dyrka jord, og gir kunnskap om verdien av areala.

Føremålet med kommunale jordvernsstrategiar er auka kunnskap om jordbruksareala og auka merksemd rundt jordvernet. Dette gir igjen eit godt grunnlag for gode avvegingar mellom jordvernomsyn og andre interesser i den kommunale planlegginga. Målet med strategien er å redusere omdisponeringa av dyrka og dyrkbar jord i kommunen.

Kommunale jordvernsstrategiar er eitt av mange tiltak som er fremma i den oppdaterte nasjonale jordvernsstrategien frå 2021. I samband med dette blei det etablert ei eiga tilskotsordning for kommunar som utarbeider ein kommunal jordvernsstrategi. Les meir om tilskotsordninga her

 

Fant du det du lette etter?