Om rapporten

Rapportnummer 26/2021
Dato 30.6.2021
Rapporten KOSTRA-landbruk for 2020 (PDF)

Sammendrag

Jordvernmålet blei ikkje nådd i 2020

For første gong sidan 2016 blei ikkje jordvernmålet om maksimalt 4 000 dekar dyrka jord omdisponert til andre formål enn landbruk nådd (figur 1). Over halvparten (51 %) av omdisponeringa gjekk til samferdsel i 2020. Det var kommunane i Oslo og Viken og Innlandet som omdisponerte mest dyrka jord.

Nydyrkinga går ned

Etter fire år med auke i godkjent areal for nydyrking, går talet for nydyrking ned. 21 641 dekar blei godkjent i 2020, noko som er nær 6 500 dekar mindre enn året før.

Kommunane behandlar færre saker etter jordlova – nesten uforandra for konsesjonslova

I 2020 var både talet på omdisponeringssaker og delingssaker etter jordlova på det lågaste nivået sidan 2005. Over år er tendensen at kommunane behandlar færre og færre slike saker. For saksbehandling etter konsesjonslova er talet på saker ganske stabilt samanlikna med tala for åra før.

Forslag til forbetringar

Landbruksdirektoratet foreslår fleire tiltak for å betre kvaliteten i KOSTRA-rapporteringa:

  • Vurdere endringar i korleis kvalitetssikringa av KOSTRA-tala blir gjennomført.
  • Skissere kva for moglegheiter det finst for å gjere analyser av omfanget av areal som kan nyttast til nydyrking, men som likevel ikkje er kartlagt som dyrkbar jord.
  • Gjennomgang av korleis ein skal forholde seg til område kartlagt etter NiN-metodikk på spørsmål om nydyrking av område med verdiar for biologisk mangfald.
  • Gjennomføre eit evalueringsprosjekt av KOSTRA landbruk for å kartlegge kvaliteten på rapporteringa og foreslå tiltak for å forbetre rapporteringa.