Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Middel til arktisk landbruk

Midla til arktisk landbruk skal bidra til utvikling og auka utnytting av arktisk kvalitet som konkurransefortrinn for landbruket i nordområda.

Viktig informasjon, denne ordninga vil ikkje videreførast i 2023! 

Frå 2023 kjem ordninga «Bærekraftig matproduksjon og verdiskaping i Nord-Norge», med ei ramme på 17 mill. kr.

Kven kan søkje 

Næringsaktørar, forvaltning, forskings- og kunnskapsmiljø og organisasjonar i landbruket i Nord-Noreg, kan søkje.

Kva du kan søkje midlar til  

Du kan søkje middel til prosjekt som kan bidra til at regionale moglegheiter i arktisk landbruk utnyttast og vidareutviklast. 

Det er landbruket i Nordland og Troms og Finnmark som er omfatta av ordninga. Statsforvaltaren i Troms og Finnmark har ansvaret for å koordinere forvaltninga av midlane opp mot Statsforvaltaren i Nordland, fylkeskommunar, næringsorganisasjonar og eventuelle andre aktørar i dei aktuelle områda. 

Regjeringa har dobla løyvinga til arktisk landbruk frå 2 til 4 millionar kroner i siste jordbruksavtale, med sikte på ei treårig satsing. Målet er å auke matproduksjonen i nordnorsk landbruk med utfordrande klimaforhold. 

Slik søkjer du  

Du finn informasjon om ordninga, korleis du søkjer, søknadsfristar m.m., på nettsidene til Statsforvaltaren i Troms og Finnmark.  

Kontakt Statsforvaltaren i Troms og Finnmark 

Statsforvaltaren kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, rettar og plikter. 

Landbruks- og matdepartementet 

Har det nasjonale fagansvaret for denne ordninga. 

Landbruksdirektoratet 

Er driftsansvarlege for fagsystemet Agros, for søknadar, vedtaksbrev m.m. 

Kontaktperson: Ann-Kathrin Billing

Fant du det du lette etter?