Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)
Skriv ut

Omsetningsavgift

Omsetningsavgift er ei avgift som blir lagt på produsentane sin produksjon for sal for å finansiere tiltak for å fremja omsetninga.

Omsetningsavgiftene blir innbetalt av bøndene ved levering av produkta. Avgiftene går inn i eit fond og blir brukt til finansiering av avsetningstiltak, til faglege tiltak og til opplysningsarbeid.

Framgangsmåten ved nye satsfastsettingar er at markedsregulator fremjar forslag på sats til Omsetningsrådet, som vurderer forslaget og fremjar forslag til Landbruks- og matdepartementet. Det er Landbruks- og matdepartementet som fastset endelege satsar. Avgiftene kan bli endra gjennom året når marknadssituasjonen har endra seg. Vanlegvis skjer endringar frå 1. juli.

Omsetningsavgifta på korn og på kjøtt av gris, sau/lam og storfe/kalv er fastsett som ein maksimalsats. Innanfor denne øvre grensa kan Arbeidsutvalet endre avgifta gjennom året ved behov.

For hagebrukssektoren blir omsetningsavgifta ikkje krevd inn frå produsentane, men dekka kollektivt over jordbruksavtalen, det vil seie over statsbudsjettet.

Meir om omsetningsavgift på dei enkelte jordbruksprodukta er å finne i temamenyen til venstre.

Satser for avgifter på jordbruksprodukter - 2015