Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)
Skriv ut

Målpris svinekjøt

Frå 1. juli 2013 er det berre svinekjøt som har målpris. Målprisen vert avtalt i jordbruksoppgjeret for målprisåret som går frå 1. juli til 30. juni.

Prisgrunnlaget er engrosnoteringar for heile slakt ved følgjande slakterianlegg: Nortura Steinkjer, Nortura Rudshøgda og Nortura Forus. Øvre prisgrense er målprisen + 10 prosent. Gjennomsnittsprisen for året vert vegen etter tilførsel kvar veke.

Representantvara for svinekjøt:
Slaktegris klasse E og S med eit gjennomsnitt for alle kjøtprosent og alle varegrupper under 85 kg.

For fleire detaljar om målprisane, sjå jordbruksavtalen.