Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)
Skriv ut

Referansepris fjørfe

Fjørfe blei teke ut av marknadsreguleringssystemet og målprisen blei erstatta av ein referansepris frå 1. juli 2007. Referanseprisen vert fastsett med basis i prisuttaket på engrosnivå i førre avtaleår for representantvara. Referanseprisen for fjørfe gjev grunnlag for administrering av tollvernet, men ikkje grunnlag for å innføre marknadsregulerande tiltak.

Noteringsprisen for fjørfekjøt vert utrekna på oppgåver frå marknadsaktørane innan fjørfebransjen (dvs. slakteri eller slakterisamanslutningar). Desse skal rapportere til Landbruksdirektoratet med den dokumentasjon som er naudsynt for forvalting og kontroll av prissystemet, jf. forskrift om administrative tollnedsetjingar på landbruksvarer.

Forholdet mellom noteringspris og referansepris dannar grunnlag for vurdering og iverksetjing av administrative tollnedsetjingar. Dersom noteringsprisen på representantvara overstig øvre prisgrense to veker på rad, vert det iverksett tiltak for å få prisen ned til referanseprisnivå. Øvre prisgrense er referanseprisen +10 %.

Representantvara for fjørfe:
Fersk kylling, ikkje bunden opp, 1 050 – 1 850 gram i bulkemballasje.