Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)
Skriv ut

Planlagd gjennomsnittleg engrospris storfe, sau/lam og egg

Målprisen for storfekjøt blei avvikla då marknadsordninga for storfe blei lagt om til volummodellen med verknad frå 1. juli 2009. Tilsvarande blei målprisen for lam og egg avvikla frå 1. juli 2013. For storfe, lam og egg er det no marknadsregulator Nortura som fastset planlagd gjennomsnittleg engrospris for kvart halvår.

Nortura som marknadsregulator fastset og informerer om planlagd gjennomsnittleg engrospris som vert fastsett for eit halvår av gongen. Nortura utarbeidar òg ei planlagd prisløype som oppgjev prisar for kvar veke. Den planlagde gjennomsnittlege engrosprisen og tilhøyrande planlagd prisløype kan reduserast halvvegs i halvåret dersom marknadsregulator finn at planlagd gjennomsnittleg engrospris ikkje kan verte oppnådd. Den fastsette planlagde engrosprisen er bindande oppover.

Øvre prisgrenseprosent vert fastsett av avtalepartane i jordbruksavtalen med utgangspunkt i gjennomsnittleg oppnådd noteringspris i perioden frå 1. april i førre år til 31. mars i året forhandlingane vert gjennomførte.

Prisgrunnlaget for storfe er engrosprisnoteringar for heile slakt ved følgjande slakterianlegg: Nortura Malvik, Nortura Rudshøgda og Nortura Egersund. For sau/lam er prisgrunnlaget engrosprisnoteringar ved Nortura Malvik, Nortura Rudshøgda og Nortura Forus. Noteringsstad for egg er Nortura sitt anlegg i Hå. Gjennomsnittsprisen for året vert vegen etter tilførsel kvar veke.

 

Representantvara for storfe:
Ung okse, alle klasser R og O unnateke R+ (fettgruppe 2-, 2 og 2+)

Representantvara for sau og lam:
Alle klasser R og O unnateke R+ (fettgruppe 2-, 2, og 2+)

Representantvara for egg:
Klasse A over 53 gram, sortert på brett

 

For fleire detaljar om planlagd gjennomsnittleg engrospris, sjå:

Jordbruksavtalen
Høringsnotat fra LMD av 22.05.2009 om endringer i forskrift nr 1723
Forskrift om endring av forskrift 22. desember 2005 nr 1723 om administrative tollnedsettelser for landbruksvarer
Retningslinjer for informasjonsflyt i kjøttsektoren
Retningslinjer for informasjonsflyt i eggsektoren

Retningslinjer for markedsregulering av kjøtt per 21. juni 2016
Retningslinjer for markedsregulering av egg per 21. juni 2016