Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Tilskudd til næringsutvikling og kompetanseheving

Frist: 01.06.20

Tilskotsordninga nasjonale tilretteleggingsmiddel vart oppretta i jordbruksoppgjeret 2019. Tilskot til kompetanseutvikling i landbruket (KIL) er lagt inn i den nye ordninga, som vert forvalta av Landbruksdirektoratet. Om lag 6 mill. kroner står til disposisjon for nye prosjekt med oppstart i 2020.

Ordninga skal støtte nasjonale eller fylkesoverskridande tilretteleggingstiltak innan næringsutvikling og kompetanseheving, med mål om å styrke verdiskapinga i landbruket. Midla kan ikkje gå til å støtte forskingsprosjekt eller ordinære driftskostnadar.

Les heile utlysinga.