Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Jordleigeundersøking 2017 – Auke i prisar til potet- og grønsakdyrking

Jordleigeprisane for jord til potet- og grønsakdyrking auka frå 2016 til 2017, medan prisane for jord til gras og korn gjekk litt ned. For både grønsak- og potetproduksjon gjekk prisane opp med 9 prosent.

salat-i-det-fri_480 Foto: Elstøen gartneriJord til grønsak- og potetproduksjon er ettertrakta på grunn av vekstskifte, og prisane fortset å auke.

Sjølv om det for enkelte produksjonsformål er ganske små endringar på landsbasis, er det likevel svært store forskjellar i prisutviklinga mellom dei ulike regionane. Geografisk ligg prisane på leige av jord fortsatt høgt i Rogaland, men fleire andre stader er prisane også høge – spesielt på Austlandet.

Prisane på god jord til grønsakproduksjon ligg fortsatt høgast med nærare kr 1 000 per dekar, følgd av jord til potetproduksjon. For jord til grasproduksjon er gjennomsnittsprisen for landet til samanlikning på kr 266 per dekar.

Jordleige mot snøbrøyting
Det er framleis noko betaling som skjer i form av motytingar/naturalia. Dette kan til dømes bli brukt i staden for beiteleie, eller der kor det er dårleg jord eller liten etterspurnad etter leigejord. Betaling i form av motytingar er mest vanleg frå Trøndelag og nordover. Ved utleige til beite er gjerdehold mest brukt som motyting. Andre motytingar kan vere snøbrøyting, vedlikehald, ved eller kjøtt/slakt.


Heile resultatet frå jordleieundesøkinga 2017 finn du her.

Mer om temaet