Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Jordleigeundersøkinga 2018 – auke i prisen for jord til korndyrking

Jordleigeundersøkinga i år viser at jordleigeprisane for jord til korndyrking auka frå 2017, medan prisen for leige av innmarksbeite gjekk ned. Det er små endringar i prisane for utleige til andre føremål. Samstundes er det til dels store forskjellar i prisutviklinga mellom dei ulike regionane.

Korn-jordbær-gård


Prisen for leige av jord til korndyrking auka med i overkant av 6 prosent frå 2017 til om lag 370 kroner per dekar. Samstundes gjekk prisen for innmarksbeite gjekk ned med nesten 12 prosent til 66 kroner per dekar.

Prisane på grønsakjord held seg stabile tett oppunder 1000 kroner per dekar. For potetproduksjonen er prisen på om lag 660 kroner per dekar, medan prisen for gras er på i overkant av 260 kroner per dekar.

I Rogaland ligg prisane høgt for leige til alle produksjonar, men også fleire andre stader i landet er det høge leigeprisar – då særleg ein del stader på Austlandet og i Trøndelag.

I ein del område, særleg der det er mindre rift om areala, vert det framleis betalt for leige av areal i form av motytingar/naturalia. Denne forma for betaling er vanlegast for leige av grasareal og innmarksbeite. Slik betaling er vanleg i Nord-Noreg, på Vestlandet og i Telemark/Agder, men også på deler av Austlandet.

Heile resultatet frå jordleieundesøkinga 2018 finn du her.

Kontaktperson

Mer om temaet