Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Jordleigeundersøkinga 2018 – auke i prisen for jord til korndyrking

Årets jordleigeundersøking viser at jordleigeprisane for jord til korndyrking auka frå 2017 og prisen for leige av innmarksbeite gjekk ned. Det er små endringar i prisane for utleige til andre føremål. Samstundes er det til dels store forskjellar i prisutviklinga mellom dei ulike regionane.

Landbruksdirektoratet sender kvart år ut ein førespurnad til kommunane om å rapportere jordleigeprisar. Med svar frå heile 295 kommunar over heile landet, har vi også i år eit godt talgrunnlag for resultata som vert presenterte nedanfor. Resultata frå undersøkinga vert også rapportert til internasjonale statistikkorgan.

I undersøkinga bad Landbruksdirektoratet kommunane om å gje opplysingar om gjennomsnittleg leigepris på areal, fordelt på produksjonane grasdyrking, korndyrking, grønsak- og bærdyrking, potetdyrking, innmarks- og utmarksbeite. For jord som vert nytta til korn- eller grasproduksjon bad vi også at det skulle skiljast mellom «god» og «dårleg» jord. Med «dårleg» jord meiner vi jord som er dårleg grøfta eller i dårleg hevd. Det kan også vere bratt jord, jord som er dårleg arrondert, vanskeleg tilgjengeleg, eller som har lite nyttig inndeling.

Som tidlegare år har vi fått så få opplysningar om beitekostnader per dyr, at vi ikkje kan publisere eit resultat.

Resultata frå undersøkinga er basert på prisane kommunane har rapportert i kroner per dekar per år. Prisane er utan meirverdiavgift. Prisane frå kommunane er vekta saman til gjennomsnittlege prisar i dei respektive regionane, basert på leigd areal i kvar einskild kommune. Landbruksdirektoratet har også utarbeidd ein prisindeks med år 2000 som basisår.

Auka pris for leige av jord til korndyrking
Som tidlegare år viser resultatet av årets jordleigeundersøking at det er ulik utvikling i prisane for leige av jord til dei ulike produksjonane. Om ein ser på undersøkingane bakover er det også ein del svingingar i prisane for dei einskilde produksjonane frå år til år. For korn var det ein merkbar prisauke i 2016, før prisen gjekk litt ned i 2017 for så å auke igjen i 2018. Også for gras var det ein merkbar prisauke i 2016, men for denne produksjonen har prisen gått ned begge dei to påfølgjande åra.

På grunn av behovet for vekstskifte har jord til grønsak- og potetproduksjonen auka jamt dei føregåande åra, men i 2018 har desse prisane flata ut på landsbasis.

Som tidlegare år er det større endringar i prisane regionvis enn det som går fram av tala på landsbasis. Dette går fram av oversiktene over dei ulike produksjonane nedanfor.

Prisane på grønsakjord held seg stabile tett oppunder 1000 kroner per dekar. For potetproduksjonen er prisen på i overkant av 660 kroner per dekar, medan prisane for høvesvis korn og gras er på om lag 370 kroner per dekar og 260 kroner per dekar.

I Rogaland ligg prisane høgt for leige til alle produksjonar, men også fleire andre stader i landet er det høge leigeprisar – då særleg ein del stader på Austlandet og i Trøndelag.

I ein del område, særleg der det er mindre rift om areala, vert det framleis betalt for leige av areal i form av motytingar/naturalia. Denne forma for betaling er vanlegast for leige av grasareal og innmarksbeite. Slik betaling er vanleg i Nord-Noreg, på Vestlandet og i Telemark/Agder, men også på deler av Austlandet.

Indeksutvikling 2012–2018

Tabellen under viser den indekserte utviklinga i jordleigeprisane i perioden 2012 til 2018. Indeksen er rekna ut med utgangspunkt i middelverdiane for god jord, og basisåret er 2000 (dvs. 2000 = 100).

Indeks 2000 = 100

2012

2013

2014

2015

2016

2017

2018

Endring i % siste år

Grasdyrking

100

101

117

121

128

125

124

-1,0

Korndyrking

118

118

125

130

138

133

141

6,2

Grønsakdyrking

122

118

142

149

157

171

172

0,2

Potetdyrking

128

114

147

149

152

166

166

-0,2

Kulturbeite

77

79

83

91

93

97

86

-11,7

Frå 2017 til 2018 var det prisen for jord til korndyrking som auka mest, med i overkant av 6 prosent. Prisen på kulturbeite hadde ein nedgang på nærare 12 prosent, medan det var små endringar i prisane for å leige jord til korn-, grønsak- og grasdyrking.

Index jordleigepriser 2018


Prisar for dei einskilde produksjonane
Tabellen under viser gjennomsnittlege jordleigeprisar for god jord over heile landet, fordelt på ulike produksjonar. Prisane, i kroner per dekar per år, er vekta etter leigd areal i kommunane.

 

Vekta prisar, kr per daa

 

 

 

 

 

2014

2015

2016

2017

2018

Endring siste år

Grasdyrking

249

257

273

266

263

-3

Korndyrking

327

340

361

348

369

22

Potetdyrking

584

594

606

662

661

-1

Grønnsakdyrking

816

854

901

982

985

2

Kulturbeite

64

70

72

75

66

-9

Utmarksbeite

4

5

8

8

10

2

Figuren under viser prisane for heile landet dei fem siste åra. Det var små endringar i prisane for leige av jord til høvesvis grønsak- og potetproduksjon frå 2017 til 2018, og desse prisane ligg framleis godt over prisnivået for leige av jord til korn- og grasdyrking. Prisen for leige av jord til korn gjekk noko opp frå 2017, medan prisen for jord til grasdyrking hadde ein svak nedgang.

Jordleigeprisar 2018

Dei regionvise tala viser større variasjon i prisutviklinga. Tabellane nedanfor viser
prisar per produksjon i ulike geografiske område i 2018. Alle prisar er vekta med leigd areal i dei respektive kommunane.


Grasdyrking

Tabellen under viser prisar på leige av jord til grasdyrking i kroner per dekar i 2018, fordelt på seks regionar.

Grasdyrking

Dårleg jord

God jord

Kr/daa

Lågast
pris

Middel-
 pris

Høgast
 pris

Lågast
 pris

Middel-
pris

Høgast
 pris

Endring i middelpris frå 2017

Austlandet

0

128

300

50

301

600

-6

Telemark/Agder

0

51

187

10

211

400

-14

Rogaland

0

211

567

0

443

617

6

Vestlandet

0

58

300

0

160

500

-20

Trøndelag

0

104

200

0

240

600

22

Nord-Noreg

0

30

120

0

78

250

-13

Medan resultatet på nasjonalt nivå viser ein svak nedgang i prisen for leige av jord til grasdyrking frå 2017, viser dei regionvise prisane stor variasjon. Medan middelprisen gjekk opp med 22 kroner i Trøndelag, var det ein prisnedgang på 20 kroner på Vestlandet. Prisane gjekk ned også på Austlandet, i Telemark/Agder og i Nord-Noreg. Prisen i Rogaland gjekk litt opp.

Det er stor variasjon i etterspurnaden etter grasareal i landet, noko leigeprisane også reflekterer. I delar av landet er eigaren nøgd med at nokon ønskjer å drive jorda og halde henne i hevd. I andre deler av landet er det vanleg med motytingar i staden for betaling. Motytingar kan vere brøyting, gjerdehald og drenering, men også i einskilde tilfelle betaling i form av kjøt eller ved.


Korndyrking
Tabellen under viser prisar på leige av jord til korndyrking i kroner per dekar i 2018, fordelt på geografiske område.

Korndyrking

Dårleg jord

God jord

Kr/daa

Lågast
pris

Middel-
pris

Høgast
pris

Lågast
pris

Middel-
pris

Høgast
pris

Endring i middelpris frå 2017

Austlandet

0

210

350

150

377

550

10

Telemark/Agder

0

71

200

130

253

425

3

Rogaland

350

350

350

475

590

700

7

Trøndelag

50

180

300

150

334

750

26

Middelprisane for leige av jord til korndyrking auka i alle regionar. Auken var størst i Trøndelag og på Austlandet, medan det var mindre auke i Rogaland og i Telemark/Agder.


Grønsak- og bærdyrking
Tabellen under viser prisar på leige av jord til grønsak-/bærdyrking i kroner per dekar i 2018, fordelt på geografiske område.

Grønsak-/bærdyrking

God jord

Kr/daa

Lågast pris

Middelpris

Høgast pris

Endring i middelpris frå 2017

Austlandet

450

1125

1800

-29

Telemark/Agder

300

496

650

-25

Rogaland

975

1051

1200

49

Vestlandet

150

428

800

28

Trøndelag

381

991

1300

71

Nord-Noreg

100

233

500

-108

Prisen på jord til grønsak- og bærdyrking varierer mellom ulike kulturar, og med jordkvalitet, plassering og tilgang til vatn. Middelprisen auka mest i Trøndelag og i Rogaland. Auken i Trøndelag veg likevel berre opp for i overkant av halvparten av prisnedgangen året før.

I Rogaland var det ein svak prisnedgang året før, og middelprisen i regionen er på over 1000 kroner per dekar med lågaste registrerte pris på 975 kroner per dekar. Også på Vestlandet auka prisen frå 2017. Til trass for prisnedgang i 2018 er prisen for leige av jord til grønsak-/bærdyrking framleis høgast på Austlandet med ein middelpris på over 1100 kroner, men dette er også den regionen med størst forskjell mellom den lågaste og den høgaste registrerte prisen.

Den store prisnedgangen i Nord-Noreg skuldast i all hovudsak at det har vore sterk nedgang i leigeprisen i ein kommune.


Potetdyrking

Tabellen under viser prisar på leige av jord til potetdyrking i kroner per dekar i 2018, delt på geografiske område.

Potetdyrking

God jord

Kr/daa

Lågast pris

Middelpris

Høgast pris

Endring i middelpris frå 2017

 

   

 

Austlandet

285

715

1200

10

Telemark/Agder

150

552

1000

-38

Rogaland

600

678

800

-21

Vestlandet

150

375

490

12

Trøndelag

400

584

800

-115

Nord-Noreg

100

208

400

-13

Det er berre Austlandet og Vestlandet som har prisauke for leige av jord til potetproduksjon i 2018. Året før gjekk prisane opp i alle regionar med unntak av Trøndelag. Den store prisnedgangen i Trøndelag i år skuldast kraftig reduksjon i prisane i to kommunar med stort areal, samstundes som det er relativt få kommunar som rapporterer leigeprisar for potetareal i regionen.

Med stor nedgang i prisen også i 2017, er middelprisen i Trøndelag no på 584 kroner per dekar. Prisnedgangen i Telemark/Agder i 2018 er relativt beskjeden samanlikna med den kraftige prisoppgangen året før.

Beite
Tabellen under viser prisar på jord til beite i kroner per dekar i 2018, fordelt på geografiske område.

Beite

Innmarksbeite

Utmarksbeite

Kr/daa

Lågast
pris

Middel-
pris

Høgast
pris

Endring i middelpris frå 2017

Lågast
pris

Middel-
pris

Høgast
pris

Endring i middelpris frå 2016

Austlandet

0

75

200

0

0

12

50

1

Telemark/Agder

0

27

150

-2

0

2

70

2

Rogaland

50

107

150

-40

5

19

30

5

Vestlandet

0

30

116

-5

0

5

24

3

Trøndelag

0

82

200

-13

0

17

50

10

Nord-Noreg

0

25

125

-9

0

6

50

5

Prisane på jord til beite er generelt låge. Prisane til innmarksbeite har gått ned i alle regionar med unntak av Austlandet, der prisen er uendra frå 2017. For utmarksbeite er prisen meir stabil med ein svak auke i alle regionar. Rogaland har dei høgaste prisane for beite, og i tillegg til grasproduksjon er utleige av innmarksbeite det vanlegaste utleigeformålet i mange kommunar.

Middelprisane er lågast i Nord-Noreg, Telemark/Agder og på Vestlandet, både for innmarksbeite og utmarksbeite. I mange område er det ikkje vanleg å ta betalt for utmarksbeite. I ein del område blir det også rapportert om at grunneigarar set pris på at nokon kan beite areala og dermed halde kulturlandskapet i hevd. Vidare er det vanleg med betaling for innmarksbeite i form av motytingar i mange område. Gjerdehald er den mest vanlege motytinga.