Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Jordleigeprisar 2014

Ut frå same reknemodell som tidlegare viser tala frå jordleigeundersøkinga 2014 at prisane ligg på omlag same nivå som i 2013. SLF har i år rekna to sett med prisar for jordleige. De offisielle tala er basert på samanvekting av prisane ut frå det totalt utleigde arealet i den enkelte kommune.

Resultata frå den årlege undersøkinga av jordleigeprisar i kommunane er nå klare. Statens landbruksforvaltning har våren 2014 spurt 330 kommunar om jordleigeprisar for deira kommune. Responsen frå kommunane har vore god, og resultata nedanfor er basert på svara frå 218 kommunar.

I undersøkinga ber vi kommunane om å gje opp gjennomsnittleg leigepris på areal, fordelt på utleige til følgjande produksjonsformer: Grasdyrking, korndyrking, grønsak- og bærdyrking, potetdyrking, utmarksbeite og innmarksbeite. Vi ber også om at ein skil mellom ”god” og ”dårleg” jord, for alle produksjonane. Med ”dårleg” jord meiner vi jord som er dårleg grøfta eller i dårleg hevd. Det kan også være bratt jord, jord som er dårleg arrondert, vanskeleg tilgjengeleg, eller som har lite hensiktsmessig inndeling.

Resultata frå undersøkinga er basert på gjennomsnittsprisar i kommunane, gitt opp i kroner per dekar per år.

Nytt av året
SLF har i år vekta saman prisane med leid areal i den enkelte kommune. Sidan statistikken over leigd jord ikkje skil på dyrkingsformål, har vi brukt det leigde arealet per kommune på alle produksjonar. Dette kan føre til at nokon produksjonar som ligg i marginale soner for den aktuelle produksjonen får ei for høg vekt, men vi meiner likevel at dette er ein betre metode enn den gamle.

Det er dei vekta prisane vi gir opp som gjennomsnittsprisar per region og produksjonsformål. I indeksberekninga brukar vi også i år uvekta prisar, på same måte som i tidlegare prisberekningar. Dette for å rekne indeksane på same grunnlag. Til neste år vil indeksen bli omarbeida slik at vekta prisar vert lagt til grunn vidare framover. Vær merksam på at omrekning med indeksen i dei fleste tilfelle ikkje vil gje same resultat som prisane frå fjoråret.

På bakgrunn av tidlegare tilbakemeldingar, har vi i år også gjort det muleg å innrapportere beitekostnader per dyr – for sau, storfe og hest. Denne rapporteringa er relativt svak, med få tilbakemeldingar. Nokon har rapportert pris per dyr per sesong. Andre har rapportert pris per dyr per dag, og dette gjer det vanskelegare å rekne ein sesongpris, då beitesesongen vil være forskjellege i ulike deler av landet. Sprika i svara er også svært store, og av disse grunnane har vi valt å ikkje presentere disse resultata i statistikken.

SLF vil likevel nemne at beitekostnaden per dyr per sesong ser ut til å liggje i følgjande intervall: sau kr 0 – 120 og storfe kr 0 – 500, men oppgitte dagsprisar frå nokon kommunar gjev vesentleg høgare tal. For hest er intervallet kr 0 – 1100. Sams for alle prisane er at dei jamt over ligg høgt på sør-austlege Austlandet.

Vurdering av resultata
Mange kommunar meldar fortsatt om store variasjonar innanfor kommunen. Det kan være stor forskjell på prisane i attraktive område i høve til mindre attraktive område i kommunen. Faktorar som kan spele inn er for eksempel kor sentralt i kommunen eigedomen ligg, størrelse på eigedommen, avstand til leigaren sin gard, avlingsnivå og tilgang til vatn/vatningsanlegg. Mange plassar i landet er prisane relativt stabile for god jord, medan det er store variasjonar for dårleg jord. Fleire plassar vert det ikkje betalt for leige av dårleg jord. Den same tendensen ser vi også for god jord i Nord-Norge. I deler av Agder og Vestlandet ser vi også fleire plassar reint symbolske prisar på leige av god jord. Fleire plassar er det i det heile teke vanskeleg å finne nokon som vil ta over drifta av jorda. Rovdyrproblematikken verkar også inn på om det er muleg å få leigd vekk jord i deler av landet, noko som også verkar inn på prisen lokalt.

Dei høgaste utleigeprisane finn vi naturleg nok for utleige av god jord, og då oftast til potet- og grønsakproduksjon. I enkelte områder er det stort press og relativt høge prisar på utleige til disse produksjonane. Dårleg jord til potet- og grønsakproduksjon er lite aktuelt, og vil bli teke ut av undersøkinga for kommande år.

For jordleigeprisar til gras- og kornproduksjon er det nokså stabile prisar frå i fjor, sjølv om det er mindre endringar, både opp og ned i ulike regionar. Både for leige av areal til grønsak- og potetproduksjon er det stor endring i prisane frå i fjor. Tendensen er klar for begge disse produksjonane. På Austlandet har prisen gått kraftig opp, medan prisendringane i dei andre regionane er meir varierande. Sjå omtale av prisane under dei enkelte produksjonsformane.

Betaling i form av motyting/naturalia er vanleg ein del plassar. Mest utbredt er dette på Vestlandet, Trøndelag og i Nord-Norge. Ofte vert denne forma brukt som betaling for leige av dårleg jord, innmarks- eller utmarksbeite, eller jord til grasproduksjon. Ved utleige til beite er gjerdehold og anna vedlikehald mykje brukt som motyting. Andre vanlege motytingar er snøbrøyting, vedlikehald av veg eller betaling i form av kjøtt/slakt.

Samanlikning av resultata etter dei ulike reknemetodane
Gammal reknemetode er eit reint gjennomsnitt av alle innrapporterte prisar per produksjonsform i dei definerte regionane, medan ny reknemetode er ein vekta pris med leigd areal frå dei kommunane som har rapportert prisar. Det leigde arealet per kommune vert lagt til grunn for alle innrapporterte prisar for den enkelte kommune.

Vi har samanlikna resultata frå de to reknemetodane, og sjølvsagt funnet nokon avvik. Dei fleste avvik er relativt små, og vi går ikkje spesielt inn på dei. Den generelle tendensen er at prisane som er vekta med utleigd areal er høgare enn de uvekta prisane. Der det er vesentlege avvik er for grønsaker og poteter. Forklaringane til dei ulike forskjellane er logisk, og gjengis i neste avsnitt.

For grønsaker er dei nye vekta gjennomsnittsprisane vesentleg høgare enn rekna prisar etter den gamle metoden i tre av regionene. På Austlandet og i Trøndelag viser det seg at dei høgaste prisane er i kommunar med stort leigd areal. Derfor får dei høge prisane ei høgare vekt, som dreg opp gjennomsnittet. Same resultat får vi i Telemark/Agder, men det skuldast meir at nokon låge prisar er i kommunar med lite leigd areal. I Rogaland er det motsett av disse tre regionane, der er den vekta prisen lågare enn prisen etter gammal reknemetode. Dette skuldast at dei høgste prisane er i kommunar med lite leigd areal, og disse får dermed relativt lågare vekt enn tidlegare.

For poteter er det også vesentleg avvik etter dei to metodane. Telemark/Agder har vesentleg høgare prisar etter vekta metode, og det skuldast, som for grønsaker, at dei låge innrapporterte prisane er i kommunar med lite leigd areal, som dermed vert mindre viktige enn tidlegare. Rogaland og Trøndelag har også vesentleg høgare prisar etter vekta metode, noko som skuldast at det ligg store areal bak dei høgaste prisane. For Vestlandet er det motsett. Dei vekta prisane er lågare enn etter gammal metode, og det skuldast at i kommunar med låge prisar ligg det relativt store leigde areal.

Indeksutvikling 2007-2014. Basisår 2000 = 100
Prisutviklinga på landsbasis for jordleige til ulike produksjonar frå 2007 er presentert i form av ein indeks. Indeksen er basert på gjennomsnittlege leigeprisar for god jord, oppgitt i kroner per dekar per år.

  2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014
Grasdyrking         86         95         98         89         95         92         93       100       101       104
Korndyrking       105       105       107       105       110       112       116       118       118       116
Grønnsakdyrking         99       103         98         99         92       103       116       122       118       118
Potetdyrking       105       106       114       115       109       112       114       128       114       122
Kulturbeite         96       104         96         71         74         79         81         77         79         71

 Indeksert utvikling i jordleigeprisane på landsbasis 2007-2014

Jordleie i kroner per dekar 2014

Som vi ser av indeksen, er det relativt små endringar frå i fjor for utleige til gras, korn og grønsaker. Det er snakk om inntil 2 – 3 prosentpoeng opp eller ned. Utleige til potetdyrking har gått opp med 8 prosentpoeng, medan prisen for innmarksbeite har gått ned med 8 prosentpoeng.

Jordleigeprisar i kroner per dekar per år på landsbasis, fordelt på produksjonsformer
Indeksen er rekna ut med utgangspunkt i middelverdiane for god jord og med uvekta prisar.

Landet              
  2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014
Grasdyrking 190 203 197 199 213 216 221
Korndyrking 274 287 294 305 310 310 305
Potetdyrking 459 434 446 456 511 453 485
Grønnsakdyrking 566 528 588 664 698 675 673
Kulturbeite 55 57 61 62 59 61 54
Utmarksbeite 11 13 9 9 6 6 4

 

Jordleiepriser 2011-2014

Prisar for dei enkelte produksjonane
Vi har samanlikna prisutviklinga frå fjoråret. For å kunne vurdere prisane ut frå same grunnlag, er differansen komen fram som forskjellen mellom prisane frå fjoråret og årets uvekta prisar. Dette er same grunnlag som vi har lagt til grunn for indeksberekningane.

På grunn av ulike resultat mellom vekta og uvekta prisar, vil ikkje differansen som vert vist i tabellane under kunne brukast til å rekne seg tilbake til dei offisielle tala for fjoråret.

Alle prisar utanom endringstala er basert på prisar som er vekta med leigd areal i dei respektive kommunane.

Grasproduksjon 2014
Prisar på leige av jord til grasdyrking i kroner per dekar per år, delt på geografiske område.

Kr/daa God jord Dårlig jord
  Lavest Høyest Middel Endring fra foregående år Lavest Høyest Middel
Grasdyrking              
Østlandet 130 450 299 10 0 324 141
Telemark/Agder 25 350 201 23 0 150 72
Rogaland 200 550 367 -14 0 350 166
Vestlandet 30 500 174 8 0 300 67
Trøndelag 25 300 179 -1 0 150 88
Nord-Norge 0 250 82 7 0 80 32

For grasdyrking ser vi at gjennomsnittsprisen for god jord har gått litt opp på Austlandet, i Telemark/Agder, Vestlandet og i Nord-Norge. I Rogaland har prisen gått litt ned, medan den i Trøndelag er tilnærma uendra.

Som nemnt over er grasdyrking ein av dei produksjonane kor det er mange areal som vert leigd ut gratis eller til motyting. Ofte er den som leiger ut glad for at arealet vert halde i hevd, slik at ein hindrar gjengroing.

Korndyrking 2014
Prisar på leige av jord til korndyrking i kroner per dekar per år, delt på geografiske område

Kr/daa God jord Dårleg jord
  Lågast Høgast Middel Endring fra førre år Lågast Høgast Middel
Korndyrking              
Austlandet 200 550 349 1 100 350 190
Telemark/Agder 100 350 220 -10 40 150 96
Rogaland 475 500 480 -2 300 300 300
Trøndelag 150 400 287 9 50 200 164

For korn ser vi at prisen er veldig stabil frå i fjor. På Austlandet er den uendra og i Rogaland er det ubetydeleg endring. I Telemark/Agder har det vore ein liten nedgang, medan det i Trøndelag har vore ein liten oppgang i prisen frå i fjor. Vestlandet og Nord-Norge er ikkje med i denne oversikten, fordi dei har svært liten kornproduksjon.

Grønsakdyrking 2014
Prisar på leige av jord til grønsakdyrking i kroner per dekar per år, delt på geografiske område.

Kr/daa God jord Dårleg jord
  Lågast Høgast Middel Endring fra førre år Lågast Høgast Middel
Grønsakdyrking              
Austlandet 250 1800 962 108 550 800 688
Telemark/Agder 200 1000 550 6 200 450 385
Rogaland 920 1500 1016 -64 500 575 555
Vestlandet 200 500 401 -43 0 100 69
Trøndelag 150 1200 752 -17 50 50 50
Nord-Norge 50 400 136 -11 20 100 39

For grønsaker ser vi at middelprisen har gått betydeleg opp på Austlandet, medan den i Telemark/Agder er auka ubetydeleg. Rapportering av prisar på Austlandet er god, og gir eit godt grunnlag. Oppgangen på Austlandet skuldast at fleire kommunar gjev opp høgare prisar på areal til grønsakdyrking enn i fjor, og nokon med stor auke.

I Rogaland og på Vestlandet har middelprisen gått betydeleg ned. Begge stadar vurderer vi det som reell nedgang, men i Rogaland tyder det på at gjennomsnittsprisane for 2013 var rapportert litt for høge. Den faktiske prisnedgangen er derfor noko mindre enn kva som kjem fram her. I Trøndelag og Nord-Norge har det vore ein liten prisnedgang.

Potetdyrking 2014
Prisar på leige av jord til potetdyrking i kroner per dekar per år, delt på geografiske område.

Kr/daa God jord Dårleg jord
  Lågast Høgast Middel Endring fra førre år Lågast Høgast Middel
Potetdyrking              
Austlandet 250 1200 641 86 300 600 486
Telemark/Agder 0 1200 478 35 0 400 283
Rogaland 500 900 688 -44 0 0 0
Vestlandet 200 500 378 -29 75 75 75
Trøndelag 200 1200 670 13 0 0 0
Nord-Norge 0 400 136 19 20 100 39

Gjennomsnittsprisane for utleige av jord til potetproduksjon har endra seg mykje frå i fjor. Som for grønsaker har prisen på Austlandet gått kraftig opp. Fleire kommunar gjev opp vesentleg høgare prisar enn i fjor. I Telemark/Agder har også prisen gått opp med nærare 10 prosent. Både i Rogaland og på Vestlandet har prisen gått ned med mellom 6 og 7 prosent. I Trøndelag og Nord-Norge er det mindre auke frå i fjor.

Beite 2014
Prisar på jord til beite i kroner per dekar per år, delt på geografiske område.

Kr/daa Kulturbeite Utmarksbeite
  Lågast Høgast Middel Endring fra førre år Lågast Høgast Middel Endring fra førre år
Beite                
Austlandet 0 200 71 -5 0 50 2 -9
Telemark/Agder 0 75 37 -8 0 3 2 1
Rogaland 50 202 101 -18 0 40 12 -11
Vestlandet 0 100 40 -18 0 10 3 0
Trøndelag 0 100 65 5 0 0 0 -3
Nord-Norge 0 80 18 -1 0 30 4 4

Prisane på jord til beite er generelt låge. Vi ser at det er ein tendens til at prisane for begge beitetyper går ned i år. Dette reknar vi med skuldast at det er god tilgang på beiteområder i mange deler av landet, og at stadig fleire ønskjer å halde nede vegetasjonen på eigedomane sine.

Sjølv om Rogaland har den største nedgangen i pris for beite, ser vi likevel at prisane der fortsatt er høgast i landet, følgt av Austlandet og Trøndelag på kulturbeite. Utanom Rogaland er middelprisen på utmarksbeite låg.