Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Jordleigeprisar 2016

Jorleigeprisane for alle typar jord auka frå 2015 til 2016. Prisauken var størst for jord til grønsaksdyrking.

Resultata frå den årlege undersøkinga av jordleigeprisar i kommunane er no klare. Landbruksdirektoratet har våren 2016 spurt 332 kommunar om jordleigeprisar i deira kommune. Responsen frå kommunane har vore god, og resultata nedanfor er baserte på svara frå 257 kommunar. Dette er 36 fleire kommunar enn i fjor, og talgrunnlaget er dermed betre enn tidligare. Landbruksdirektoratet rapporterer frå i år resultata av undersøkinga til internasjonale statistikkorgan.

I undersøkinga ber Landbruksdirektoratet kommunane om å gje opp gjennomsnittleg leigepris på areal, fordelt på utleige til følgjande produksjonsformer: grasdyrking, korndyrking, grønsak- og bærdyrking, potetdyrking, utmarksbeite og innmarksbeite. Vi ber også om at ein skil mellom ”god” og ”dårleg” jord, for alle produksjonane. Med ”dårleg” jord meiner vi jord som er dårleg grøfta eller i dårleg hevd. Det kan også være bratt jord, jord som er dårleg arrondert, vanskeleg tilgjengeleg, eller som har lite hensiktsmessig inndeling.

Framleis er det få rapporteringar om beitekostnadar per dyr. Resultatet er derfor så svakt at vi ikkje publiserer desse talla.

Resultata frå undersøkinga er basert på prisar i kommunane, i kroner per dekar per år. Prisane frå kommunane er vekta saman til gjennomsnittlege prisar i dei ulike regionane, basert på leigd areal i kvar kommune. Landbruksdirektoratet har også utarbeidt ein prisindeks som er rekna ut frå vekta prisar i 2014, 2015 og 2016. Det skal dermed vere samsvar mellom faktiske prisar og prisar som reknast fram med indekstal.

Auka prisar totalt, men stor variasjon mellom ulike område
Årets resultat viser auke i leigeprisane totalt, men med ulik utvikling i ulike delar av landet. Når ein skil mellom ulike geografiske område og produksjonsformer, ser ein at ulikt talgrunnlag gjer seg utslag i store prisendringar samanlikna med enkelte område i fjor. Prisane på god jord til grønsakproduksjon ligg høgast, og var også prisane som auka mest frå 2015 til 2016. Prisane på jord til korndyrking hadde også ein stor auke i 2016. Stort press på areal i enkelte område i Rogaland og Trøndelag fører til ekstra høge prisar i nokre kommunar, og høg variasjon i desse geografiske områda. Leigeprisane i Rogaland ligg høgast i landet for dei fleste produksjonsformer, bortsett frå jord til grønsaks- og potetdyrking, der prisen i Trøndelag også ligg høgt.

Betaling i form av motyting/naturalia ser ut til å vere mindre vanleg enn før, men fortsatt er det ein del av det i Trøndelag og nordover. Ved utleige til beite er gjerdehold brukt som motyting. Andre motytingar kan vere snøbrøyting og ved.

Indeksutvikling 2010–2016
Tabellen under viser den indekserte utviklinga i jordleigeprisane dei siste åtte åra. Indeksen er rekna ut med utgangspunkt i middelverdiane for god jord. Basisåret er 2000 (dvs. 2000 = 100). Frå 2014 er prisane i indeksen vekta, mens det i åra før er brukt eit flatt snitt.

 

2010

2011

2012

2013

2014

2015

2016

Endring siste år

Grasdyrking

        92

        93

      100

      101

      117

      121

      128

              7

Korndyrking

      112

      116

      118

      118

      125

      130

      138

              8

Grønsak-/bærdyrk.

      103

      116

      122

      118

      142

      149

      157

              8

Potetdyrking

      112

      114

      128

      114

      147

      149

      152

              3

Kulturbeite

        79

        81

        77

        79

        83

       91

       93

              3

Prisauken frå 2015 til 2016 var høgast for jord til korn og grønsaksdyrking, som begge auka med 8 prosentpoeng. Prisen på jord til grasdyrking auka med 7 prosentpoeng, mens prisen på jord til potetdyrking auka med 3 prosentpoeng. Grunna den høge prisauken på jord til grønsaker, gjekk prisen på jord til grønsaksdyrking forbi prisen på jord til potetdyrking i 2016. 

Jordleie indeksutvikling 2008–2016 Foto: Landbruksdirektoratet

Prisar for dei enkelte produksjonane
Tabellen under viser gjennomsnittlege jordleigeprisar for god jord over heile landet, fordelt mellom ulike produksjonsformer. Prisane er oppgjevne i kroner per dekar. Prisane for dei tre siste åra er vekta, mens dei tidlegare prisane viser eit flatt gjennomsnitt.

 

Uvekta prisar

Vekta prisar

 

2011

2012

2013

2014

2014

2015

2016

Grasdyrking

199

213

216

221

249

257

273

Korndyrking

305

310

310

305

327

340

361

Potetdyrking

456

511

453

485

584

594

606

Grønsakdyrking

664

698

675

673

816

854

901

Kulturbeite

62

59

61

54

64

70

72

Utmarksbeite

9

6

6

4

4

5

8

Figuren under viser dei vekta prisane for dei tre siste åra. Prisane er høgast for jord til grønsaks- og potetdyrking. Prisane har auka svakt for alle produksjonsformer.

Jordleiepriser vektet 2014–2016 Foto: Landbruksdirektoratet

Når ein ser nærare på dei ulike geografiske områda, er prisutviklinga meir varierande. Tabellane under viser prisar per produksjonsform i ulike geografiske område i 2016. Alle prisar er vekta med leigd areal i dei respektive kommunane.

Grasdyrking
Tabellen under viser prisar på leige av jord til grasdyrking i kroner per dekar i 2016, delt på geografiske område.

Grasdyrking 

Dårleg jord

God jord

Kr/daa

Lågast pris

Middelpris

Høgast pris

Lågast pris

Middelpris

Høgast pris

Endring i middelpris
frå 2015

Austlandet

0

130

400

50

315

650

19

Telemark/Agder

0

63

200

75

188

300

-3

Rogaland

50

163

300

200

408

600

-8

Vestlandet

0

69

150

0

177

500

11

Trøndelag

0

100

200

50

237

700

58

Nord-Norge

0

34

100

0

89

250

-2

Til grasdyrking er middelprisane relativt stabile frå i fjor for god jord. Middelprisen både på Austlandet, Vestlandet og Trøndelag auka, av di dei høgaste prisane gjekk opp. Trøndelag hadde høgast prisauke, med i snitt 58 kroner per dekar meir for god jord.

Spennet mellom lågast og høgast pris var lågare for dårleg jord enn for god jord. Middelprisen for dårleg jord auka i alle område, bortsett frå i Rogaland.

Korndyrking
Tabellen under viser prisar på leige av jord til korndyrking i kroner per dekar i 2016, delt på geografiske område.

Korndyrking

Dårleg jord

God jord

Kr/daa

Lågast pris

Middelpris

Høgast pris

Lågast pris

Middelpris

Høgast pris

Endring i
middelpris
frå 2015

Austlandet

50

204

350

200

368

500

14

Telemark/Agder

0

69

200

80

200

500

-25

Rogaland

300

461

500

500

616

700

37

Trøndelag

50

185

300

150

368

850

93

Jordleigeprisane til kornproduksjon hadde ulik utvikling i ulike område. Middelprisane i Telemark/Agder gjekk ned, mens prisane på Austlandet, i Rogaland og Trøndelag auka. Den høge prisauken i Trøndelag kjem delvis av stort press på areal i nokre område, kombinert med at fleire kommunar med høgare pris har rapportert inn i år samanlikna med i fjor.

Vestlandet og Nord-Norge er ikkje med i denne oversikten, av di dei har svært liten kornproduksjon.

Grønsak- og bærdyrking
Tabellen under viser prisar på leige av jord til grønsak- og bærdyrking i kroner per dekar i 2016, delt på geografiske område.

Grønsak- og bærdyrking

God jord

 Kr/daa

Lågast pris

Middelpris

Høgast pris

Endring i
middelpris
frå 2015

Austlandet

300

998

1800

103

Telemark/Agder

200

482

900

-95

Rogaland

800

1011

1150

-14

Vestlandet

150

530

1000

82

Trøndelag

200

1052

1500

134

Nord-Norge

0

154

500

8

Prisen på jord til grønsak- og bærdyrking varierer mellom ulike kulturar, og med jordkvalitet, plassering og tilgang til vatn. Mykje av endringa i middelpris skuldast at fleire kommunar har rapportert inn prisar i år samanlikna med i fjor. Middelprisen auka mest i Trøndelag og på Austlandet i 2016. I begge område skuldast auken delvis at vi har motteke tal frå fleire kommunar med høge prisar som ikkje rapporterte i fjor. I Telemark/Agder og i Rogaland gjekk prisen noko ned samanlikna med i fjor. Her er også talgrunnlaget annleis enn i fjor, noko som påverkar den årlege endringa.

Variasjonen mellom lågast og høgast pris er relativt lik som i fjor.

Potetdyrking
Tabellen under viser prisar på leige av jord til potetdyrking i kroner per dekar i 2016, delt på geografiske område.

Potetdyrking

God jord

 Kr/daa

Lågast pris

Middelpris

Høgast pris

Endring i middelpris frå 2015

Austlandet

230

626

1200

31

Telemark/Agder

150

388

500

-120

Rogaland

500

685

800

-131

Vestlandet

150

353

400

59

Trøndelag

250

761

1200

134

Nord-Norge

0

199

400

-140

Middelprisen på leige av jord til potetdyrking gjekk ned i Telemark/Agder, Rogaland og i Nord-Norge. I Telemark/Agder og Rogaland skuldast nedgangen delvis ulikt talmateriale samanlikna med i fjor, mens det har vore ein reell prisnedgang på jord til potet i Nord-Norge. Prisane i Nord-Norge ligg lågast i landet, og betaling i form av motytingar er vanleg. I nokre område kan ein også leige jord gratis.

I Trøndelag auka prisen med 134 kroner per dekar, delvis av di fleire kommunar med høg pris rapporterte inn samanlikna med i fjor.

Beite
Tabellen under viser prisar på jord til beite i kroner per dekar i 2016, delt på geografiske område.

Beite

Kulturbeite

Utmarksbeite

 Kr/daa

Lågast pris

Middel-pris

Høgast pris

Endring i middelpris frå 2015

Lågast pris

Middel-pris

Høgast pris

Endring i middelpris frå 2015

Austlandet

0

75

200

5

0

5

100

0

Telemark/Agder

0

17

80

-16

0

1

20

1

Rogaland*

50

147

260

17

0

15

35

5

Vestlandet

0

38

100

9

0

2

10

-1

Trøndelag

0

75

150

1

0

21

50

16

Nord-Norge

0

14

50

-1

0

1

27

-1

 *Vi har i Rogaland registrert pris på utmarksbeite på 200 kroner per dekar, men har valt å utelate denne prisen her.

Prisane på jord til beite er generelt låge, men prisane på utmarksbeite i Trøndelag auka med 16 kroner per dekar i 2016. Prisane i Rogaland er høgast i landet for kulturbeite, fylgt av Austlandet og Trøndelag.