Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Jordleigeundersøking 2015 – store endringar

Jordleigeprisane for 2015 viser store endringar fleire stader i landet. Prisane går både opp og ned samanlikna med fjoråret. Spesielt er det endring i Rogaland, der prisauken er stor for dei fleste produksjonsformål.

Fortsatt er det få rapporteringar om beitekostnader per dyr. Resultatet er derfor så svakt at vi også i år har valt å ikkje publisere disse tala.

Resultata frå undersøkinga er basert på gjennomsnittsprisar i kommunane, gitt opp i kroner per dekar per år. Prisane frå kommunane er vekta saman til gjennomsnittsprisar i dei ulike regionane, basert på leigd areal i kvar kommune.

Indeksen er i år rekna ut frå vekta prisar både i 2014 og 2015. Det skal dermed vere samsvar mellom faktiske prisar og prisar som reknast fram med indekstal.

Vurdering av resultata
Det er i år store endringar frå i fjor på fleire områder. Dei fleste endringane er etter dei tilbakemeldingane vi har fått reelle, men ein kan ikkje sjå vekk frå at litt av endringane skuldast at nokre få kommunar ikkje er like flinke til å rapportere årleg.

Dei høgaste utleigeprisane finn vi naturleg nok for utleige av god jord, og då oftast til potet- og grønsakproduksjon. I enkelte områder er det stort press og relativt høge prisar på utleige til disse produksjonane. Men i Rogaland vert det nå også betalt mykje for god jord til kornproduksjon.

Utviklinga i jordleigeprisane er spesielle for Rogaland i år. Med unntak av leige for grønsakdyrking, er det kraftig auke i alle utleigeformål frå i fjor, alt frå god jord til dårleg jord for grasproduksjon og beite. Utviklinga for leige til grønsakdyrking er tilnærma stabilt, men her er prisnivået høgt frå før. For alle leigeformål er ikkje berre prisutviklinga sterk, men det faktiske leigeprisnivået er høgt samanlikna med andre regionar.

Bortsett frå Rogaland er det for leige til gras- og kornproduksjon små endringar frå i fjor. I nokon område går prisane litt opp og i andre litt ned. I alle landsdelar, utanom Rogaland, er det mange kommunar der det ikkje vert betalt for leige av dårleg jord. I Rogaland vert det mange plassar betalt godt for dårleg jord, noko som blant anna har å gjere med behov for spreieareal. I andre delar av Vestlandet og i Nord-Noreg ser vi at det fleire plassar berre vert betalt reint symbolske prisar på leige av god jord. Sjå omtale av prisane under dei enkelte produksjonsformane.

Betaling i form av motyting/naturalia ser ut til å vere mindre vanleg enn før, men fortsatt er det ein del av det i Trøndelag og nordover. Ved utleige til beite er gjerdehold brukt som motyting. Andre motytingar kan vere snøbrøyting og ved.

Indeksutvikling 2008-2015. Basisår 2000 = 100
Prisutviklinga på landsbasis for jordleige til ulike produksjonar frå 2008 er presentert i form av ein indeks. Indeksen er basert på gjennomsnittlege leigeprisar for god jord, oppgitt i kroner per dekar per år.

 

2008

2009

2010

2011

2012

2013

2014

2015

Grasdyrking

89

95

92

93

100

101

104

108

Korndyrking

105

110

112

116

118

118

116

121

Grønsak-/bærdyrk

99

92

103

116

122

118

118

123

Potetdyrking

115

109

112

114

128

114

122

124

Kulturbeite

71

74

79

81

77

79

71

77

Indeksert utvikling i jordleigeprisane på landsbasis 2008–2015

Indeks jordleie 2015

Som vi ser av indeksen, er det prisauke på 3,5 til 4,7 prosent for leige av jord til gras-, korn-, grønsak- og bærdyrking. For leige til potetdyrking er prisauken på 1,7 prosent, medan leige av beite går opp med 9,3 prosent på landsbasis.

Jordleigeprisar i kroner per dekar per år på landsbasis, fordelt på produksjonsformer
Indeksen er rekna ut med utgangspunkt i middelverdiane for god jord.

 

Uvekta prisar

Vekta prisar

Heile landet

2010

2011

2012

2013

2014

2014

2015

Grasdyrking

197

199

213

216

221

249

257

Korndyrking

294

305

310

310

305

327

340

Potetdyrking

446

456

511

453

485

584

594

Grønsak-/ bærdyrking

588

664

698

675

673

816

854

Kulturbeite

61

62

59

61

54

64

70

Utmarksbeite

9

9

6

6

4

4

5

 

 

 

 

 

 

 

Jordleiepriser 2011-2014

Prisar for dei enkelte produksjonane
Vi har samanlikna prisutviklinga frå fjoråret. Av diagrammet ser vi at det, bortsett frå leige til grønsak- og bærdyrking, er små endringar i prisane frå fjoråret, sett på landet som heilskap. Som det vil gå fram i dei regionale oversiktane er det til dels store variasjonar mellom dei ulike regionane.
Alle prisar er basert på prisar som er vekta med leigd areal i dei respektive kommunane.

Grasdyrking 2015
Prisar på leige av jord til grasdyrking i kroner per dekar per år.  Delt på geografiske område

Kr/daa 

God jord

Dårleg jord

 Grasproduksjon:

Lågast

Høgast

Middel

Endring frå
førre år

Lågast

Høgast

Middel

Austlandet

50

500

296

-3

0

400

122

Telemark/Agder

50

350

191

-10

0

150

54

Rogaland

200

600

416

49

100

400

205

Vestlandet

0

400

166

-8

0

200

58

Trøndelag

50

275

179

0

0

100

75

Nord-Norge

0

300

91

10

0

100

33

Til grasdyrking er leigeprisane relativt stabile frå i fjor for god jord, bortsett frå Rogaland som har ein kraftig auke. Elles i Sør-Noreg er det små prisnedgangar. Prisen i Rogaland ligg heile kr 120 over nest høgaste regionpris for grasdyrking.

For dårleg jord er det større variasjonar enn for god jord, men bortsett frå Rogaland er det nedgang over heile Sør-Noreg. Prisen på dårleg jord til grasproduksjon er i Rogaland auka kraftig frå i fjor.

Korndyrking 2015
Prisar på leige av jord til korndyrking i kroner per dekar per år. Delt på geografiske område

Kr/daa

God jord

Dårleg jord

Korndyrking:

Lågast

Høgast

Middel

Endring frå
førre år

Lågast

Høgast

Middel

Austlandet

197

500

354

5

100

350

203

Telemark/Agder

50

300

225

5

0

250

106

Rogaland

475

700

579

99

300

300

300

Trøndelag

150

400

274

-13

100

250

151

Jordleigeprisane til kornproduksjon er nokså stabile frå i fjor, i nokon områder går dei litt opp og i andre litt ned. Dette gjeld både god og dårleg jord. Her er også Rogaland eit unntak, og der er det ein stor auke frå i fjor. Vestlandet og Nord-Norge er ikkje med i denne oversikten, fordi dei har svært liten kornproduksjon.

Grønsak-/ bærdyrking 2015
Prisar på leige av jord til grønsak-/bærdyrking i kroner per dekar per år. Delt på geografiske område.

Kr/daa

God jord

Grønsak-/bær- dyrking:

Lågast

Høgast

Middel

Endring frå førre år

Austlandet

400

1800

895

-67

Telemark/Agder

50

800

577

27

Rogaland

700

1200

1025

8

Vestlandet

100

1000

448

47

Trøndelag

350

1300

917

165

Nord-Norge

0

400

146

10

For leige av areal til grønsak- og bærproduksjon er det stor endring i prisane frå i fjor. På Austlandet har prisen gått ned, medan prisane i dei andre regionane aukar i varierande grad. Spesielt har prisen i Trøndelag auka merkbart, noko som blant anna heng saman med etterspørsel etter god jord til gulrotproduksjon.

Potetdyrking 2015
Priser på leige av jord til potetdyrking i kroner per dekar per år. Delt på geografiske område

Kr/daa

God jord

 Potetdyrking:

Lågast

Høgast

Middel

Endring frå førre år

Austlandet

230

1000

595

-46

Telemark/Agder

50

800

508

30

Rogaland

600

1000

816

128

Vestlandet

0

467

293

-85

Trøndelag

250

1100

626

-43

Nord-Norge

100

500

340

203

For leige av areal til potetproduksjon er det store endringar i prisane frå i fjor. På Austlandet, Vestlandet og Trøndelag har prisen gått ned, medan det i dei andre regionane er varierande prisauke. Som for dei andre produksjonsformåla viser tal frå Rogaland sterk auke. Nord-Norge har likevel den største auken for leigejord til potetproduksjon, men ligg likevel lågt i faktisk pris.

Beite 2015
Priser på jord til beite i kroner per dekar per år. Delt på geografiske område

Kr/daa

Kulturbeite

Utmarksbeite

 Beite:

Lågast

Høgast

Middel

Endring frå førre år

Lågast

Høgast

Middel

Endring frå førre år

Austlandet

0

150

71

0

0

50

5

3

Telemark/Agder

0

100

33

-4

0

2

0

-1

Rogaland

50

250

130

29

0

20

10

-2

Vestlandet

0

90

30

-10

0

10

3

0

Trøndelag

0

300

73

9

0

30

5

5

Nord-Norge

0

80

15

-3

0

20

2

-2

Prisane på jord til beite er generelt låge. Det er veldig små endringar frå i fjor, med unntak av Rogaland som har ei prisauke for kulturbeite. Prisane i Rogaland er høgast i landet for kulturbeite, følgt av Austlandet og Trøndelag.