Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Jordleigeprisar 2017

Jordleigeprisane for jord til potet- og grønsakdyrking auka frå 2016 til 2017, medan prisane for jord til gras og korn gjekk litt ned.

Resultata frå jordleigeundersøkinga i år er no klare. Landbruksdirektoratet har spurt 330 kommunar om jordleigeprisar i deira kommune. Responsen frå kommunane har vore god, og vi har i år fått inn 271 svar. Dette er nokre fleire enn tidlegare, og vi har derfor eit godt talgrunnlag for resultata som vert presenterte nedanfor. Frå og med 2016 begynte Landbruksdirektoratet å rapportere resultata frå undersøkinga til internasjonale statistikkorgan.

I undersøkinga ber vi kommunane om å gje opp gjennomsnittleg leigepris på areal, fordelt på utleige til følgjande produksjonsformer: grasdyrking, korndyrking, grønsak- og bærdyrking, potetdyrking, utmarksbeite og innmarksbeite. Vi ber også om at ein skil mellom ”god” og ”dårleg” jord for produksjonane. Med ”dårleg” jord meiner vi jord som er dårleg grøfta eller i dårleg hevd. Det kan også være bratt jord, jord som er dårleg arrondert, vanskeleg tilgjengeleg, eller som har lite nyttig inndeling.

Det er også i år så få rapporteringar om beitekostnadar per dyr, at vi ikkje har grunnlag for å presentere eit resultat.

Resultata frå undersøkinga er basert på prisar i kommunane, gitt i kroner per dekar per år. Prisane frå kommunane er vekta saman til gjennomsnittlege prisar i dei ulike regionane, basert på leigd areal i kvar kommune. Landbruksdirektoratet har også utarbeidt ein prisindeks, som etter 2014 er rekna ut frå vekta prisar.

Varierande prisutvikling for ulike produksjonsformål
Resultata i år viser forskjellig utvikling i prisane til leige av jord for dei ulike produksjonsformåla. Både for jordleige til gras- og kornproduksjon gjekk prisane litt ned. For både grønsak- og potetproduksjon gjekk prisane opp med 9 prosent.

For gras- og kornproduksjon var det ein merkbar prisauke i 2016, så nedgangen i år kan være ein liten reaksjon på auken året før. Jord til grønsak- og potetproduksjon er ettertrakta på grunn av vekstskifte, og prisane fortset å auke.

Sjølv om det for enkelte produksjonsformål er ganske små endringar på landsbasis, er det likevel svært store forskjellar i prisutviklinga mellom dei ulike regionane. Dette kjem vi attende til under dei ulike kategoriane.

Prisane på god jord til grønsakproduksjon ligg fortsatt høgast med nærare 1 000 kroner per dekar, følgd av jord til potetproduksjon. For jord til grasproduksjon er gjennomsnittsprisen for landet til samanlikning på 266 kroner per dekar.

Geografisk ligg prisane på leige av jord fortsatt høgt i Rogaland, men fleire andre stader er prisane også høge – spesielt på Austlandet.

Det er framleis noko betaling som skjer i form av motytingar/naturalia. Dette kan til dømes bli brukt i staden for beiteleie, eller der kor det er dårleg jord eller liten etterspurnad etter leigejord. Betaling i form av motytingar er mest vanleg frå Trøndelag og nordover. Ved utleige til beite er gjerdehold mest brukt som motyting. Andre motytingar kan vere snøbrøyting, vedlikehald, ved eller kjøtt/slakt.

Indeksutvikling 2011–2017
Tabellen under viser den indekserte utviklinga i jordleigeprisane dei siste åtte åra. Indeksen er rekna ut med utgangspunkt i middelverdiane for god jord. Basisåret er 2000 (dvs. 2000 = 100). Frå 2014 er prisane i indeksen vekta.

Indeks 2000 = 100           

2011

2012

2013

2014

2015

2016

2017

Endring i % siste år

Grasdyrking

93

100

101

117

121

128

125

-2,5

Korndyrking

116

118

118

125

130

138

133

-3,7

Grønsak-/bærdyrking

116

122

118

142

149

157

171

9,0

Potetdyrking

114

128

114

147

149

152

166

9,2

Kulturbeite

81

77

79

83

91

93

97

3,9

Prisauken frå 2016 til 2017 var høgast for jord til grønsak- og potetdyrking, som begge auka med 9 prosent. Prisen på jord til grasdyrking gjekk ned med 2,5 prosent, medan prisen på jord til korndyrking hadde ein nedgang på nesten 4 prosent.

Indeks jordleigeprisar 2017

Prisar for dei enkelte produksjonane
Tabellen under viser gjennomsnittlege jordleigeprisar for god jord over heile landet, fordelt mellom ulike produksjonsformer. Prisane er vekta etter leigd areal i kommunane, og gjeld i kroner per dekar.

 

Vekta prisar, kr per daa

 

 

2014

2015

2016

2017

Endring siste år

Grasdyrking

249

257

273

266

-7

Korndyrking

327

340

361

348

-13

Potetdyrking

584

594

606

662

56

Grønsakdyrking

816

854

901

982

81

Kulturbeite

64

70

72

75

3

Utmarksbeite

4

5

8

8

0

Figuren under viser prisane for heile landet dei fire siste åra. Prisane er høgast for jord til grønsak- og potetdyrking, og desse prisane auka frå 2016 til 2017. Prisane på jord til korn- og grasdyrking ligg på eit lågare nivå, og desse prisane gjekk litt ned i 2017.

Jordleigeprisar 2014–2017

Når ein ser nærare på ulike geografiske område, er prisutviklinga meir variabel. Tabellane under viser prisar per produksjonsform i ulike geografiske område i 2017. Alle prisar er vekta med leigd areal i dei respektive kommunane.

Grasdyrking
Tabellen under viser prisar på leige av jord til grasdyrking i kroner per dekar i 2017, delt på geografiske område.

Grasdyrking 

Dårleg jord

God jord

Kr/daa

Lågast pris

Middel-pris

Høgast pris

Lågast pris

Middel- pris

Høgast pris

Endring i middelpris frå 2016

Austlandet

0

140

400

50

307

650

-8

Telemark/Agder

0

52

200

50

225

400

37

Rogaland

100

176

350

220

437

600

28

Vestlandet

0

41

150

0

180

400

3

Trøndelag

0

114

250

70

218

350

-19

Nord-Noreg

0

43

141

0

91

200

2

Til grasdyrking er middelprisane for landet relativt stabile frå i fjor for god jord. Middelprisen for Telemark/Agder og Rogaland auka ein del, medan det var stabilt for Vestlandet og Nord-Noreg. På Austlandet og i Trøndelag var det ein liten nedgang i prisane.

Korndyrking
Tabellen under viser prisar på leige av jord til korndyrking i kroner per dekar i 2017, delt på geografiske område.

Korndyrking

Dårleg jord

God jord

Kr/daa

Lågast pris

Middel-pris

Høgast pris

Lågast pris

Middel- pris

Høgast pris

Endring i middelpris frå 2016

Austlandet

0

210

350

150

367

500

-1

Telemark/Agder

0

71

200

100

250

400

50

Rogaland

350

350

350

475

583

700

-33

Trøndelag

50

180

300

150

308

450

-59

Middelprisane på jord til kornproduksjon gjekk ned i Rogaland og Trøndelag. I Rogaland skuldast dette i stor grad endring i datagrunnlaget frå i fjor til i år, ved at kommunar med store leigeareal har kome til med ein lågare pris enn dei som rapporterte i fjor. Trøndelag hadde ein relativt høg prisauke i 2016, då ein opplevde stort press på areal i nokre område, men i 2017 gjekk prisen ned igjen i fleire av dei store jordbrukskommunane. I Telemark/Agder har det vore ein oppgang i middelpris på 50 kroner per dekar frå i fjor. Nokre kommunar melder om stor pågang etter leige av jord, og stor etterspurnad etter jord i dei beste områda er med på å presse prisane opp.

Grønsak-/ bærdyrking
Tabellen under viser prisar på leige av jord til grønsak-/bærdyrking i kroner per dekar i 2017, delt på geografiske område.

Grønsak-/bærdyrking

God jord

Kr/daa

Lågast pris

Middelpris

Høgast pris

Endring i middelpris frå 2016

Austlandet

450

1153

1800

156

Telemark/Agder

200

522

900

40

Rogaland

975

1002

1050

-9

Vestlandet

100

401

800

-130

Trøndelag

200

920

1100

-132

Nord-Noreg

100

341

1500

187

Prisen på jord til grønsak- og bærdyrking varierer mellom ulike kulturar, og med jordkvalitet, plassering og tilgang til vatn. Middelprisen auka mest i Nord-Noreg og på Austlandet i 2017. I Nord-Noreg er det enkelte område som er spesielt godt egna til grønsakproduksjon, og her er det meldt om høgare prisar i år enn tidlegare. På Austlandet er prisane generelt høge, men også her er det betydelege variasjonar. I Trøndelag og på Vestlandet har middelprisane gått betydeleg ned. I Trøndelag har fleire store grønsakdyrkingskommunar meldt om lågare prisar enn tidlegare, og det same gjeld for Vestlandet.

Potetdyrking
Tabellen under viser prisar på leige av jord til potetdyrking i kroner per dekar i 2017, delt på geografiske
område.

Potetdyrking

God jord

Kr/daa

Lågast pris

Middelpris

Høgast pris

Endring i middelpris frå 2016

Austlandet

250

705

1200

79

Telemark/Agder

200

590

1200

202

Rogaland

600

699

800

13

Vestlandet

150

363

460

10

Trøndelag

400

699

1000

-62

Nord-Noreg

0

221

900

22

Middelprisen på leige av jord til potetdyrking auka mest i Telemark/Agder, men gjekk også betydeleg opp på Austlandet. Det var også ein liten prisauke i Nord-Noreg, medan prisane i Rogaland og på Vestlandet var nokså stabile. Berre Trøndelag hadde ein nedgang i middelprisen på 62 kroner per dekar.

For Telemark/Agder sin del kan delar av forklaringa vere endring i datagrunnlaget frå i fjor. Men enkelte kommunar som har spesielt gode forhold for dyrking av tidlegpotet, har meldt om høge prisar for leige til potetdyrking i år.

I Trøndelag har prisen på jord til potet gått noko ned. Her har nokre av kommunane med stort jordbruksareal meldt om tydeleg lågare pris enn i fjor. Framleis er det prisane i Nord-Noreg som ligg lågast i landet. Her er betaling i motytingar vanleg, og i nokre område tek dei inga betaling for jorda.

Beite
Tabellen under viser prisar på jord til beite i kroner per dekar i 2017, delt på geografiske område.

Beite

Kulturbeite

Utmarksbeite

Kr/daa

Lågast pris

Middel-pris

Høgast pris

Endring i middelpris frå 2016

Lågast pris

Middel-pris

Høgast pris

Endring i middelpris frå 2016

Austlandet

0

75

200

-1

0

11

100

6

Telemark/Agder

0

30

75

13

0

0

5

-1

Rogaland

50

147

300

0

0

14

30

-1

Vestlandet

0

34

100

-4

0

2

10

0

Trøndelag

0

95

160

20

0

6

40

-14

Nord-Noreg

0

34

150

20

0

1

27

0

Prisane på jord til beite er generelt låge. For leige til kulturbeite har prisane i Trøndelag, Nord-Noreg og i Telemark/Agder gått noko opp. Her er det prisane i Rogaland er høgast i landet, følgd av Trøndelag og Austlandet. For utmarksbeite har prisane halde seg relativt stabile sidan i fjor, med unntak av Trøndelag som har hatt ein liten nedgang.