Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Stortinget stadfesta priskontroll etter konsesjonslova

Priskontrollen for omsetting av landbrukseigedom skal førast vidare, vedtok Stortinget 16. februar. Nedre grense for å utøve priskontroll for landbrukseigedom bebygd med bustadhus blei heva til 3,5 mill. kroner.

 

Utgangspunktet for at Stortinget behandla desse spørsmåla, er Prop. 124 L (2013-2014), Innst. 153 L (2015-2016) Endringer i konsesjonsloven og tvangsfullbyrdelsesloven (opphevelse av priskontroll). Fleirtalet stemte for å halde fast ved priskontroll etter konsesjonslova. Samstundes blei det gjort framlegg om å utgreie fleire endringer i lova.

  • Stortinget ba Regjeringa presisere at regelverket om priskontroll i konsesjonslova skal følgjast. Dette er gjort i rundskriv M-2/2016.
  • Stortinget ba Regjeringa fastsette at priskontroll ved omsetning av landbrukseiendom med bustadhus gjeld når overdragelsessummen overstiger 3,5 mill. kroner. Innslagspunktet for priskontroll var tidlegare 2,5 mill. kroner for slike egedomar. Dette punktet er allereie iverksatt i og med rundskriv M-2/2016.
  • Stortinget vedtok å be Regjeringa leggje fram ein ny proposisjon om endringar i konsesjonslova, mellom anna med framlegg om å heve arealgrensene for konsesjonsplikt og lovpålagt buplikt til 35 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord ved tileigning av bebygd eigedom. Same arealgrense blei foreslått for odlingsjord etter odelslova.
  • Stortinget ba Regjeringa komme med framlegg til endringar i jordlov og konsesjonslov slik at fradeling av tilleggsjord kan skje utan behandling etter desse lovene, samt framlegg om å utgreie korleis priskontrollen kan opphevast ved sal av reine skogeigedomar.

Full lovbehandling

Landbruks- og matdepartementet skal utarbeide framlegg om lovendring i tråd med Stortinget si behandling. Desse framlegga må sendast på høyring før proposisjon blir fremma. Deretter må  Stortinget behandle forslaga om lovendringar. Inntil eventuelle lovendringar er vedtatt og trer i kraft, gjeld konsesjonslov, jordlov og odelslov slik dei lyder i dag.

Det står mer om dette på våre nettsider, under fanen Priskontroll på landbrukseigdom her.