Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Nydyrking

Åker med hjulspor

Nydyrking er peika på som ein av fleire måtar vi kan nå det nasjonale målet om å auke norsk matproduksjon på. Dersom du ønsker å dyrke nye areal til jordbruksføremål, må du søke kommunen om godkjenning. Du kan lese meir om søknads-prosessen i fana ”for deg som skal søke”.

  • Om nydyrking

    Som nydyrking reknar ein fulldyrking og overflatedyrking av jord eller gjenoppdyrking av jordbruksareal som har lege unytta i over 30 år. Opparbeiding av overflatedyrka mark til fulldyrka mark vert ikkje rekna som nydyrking.

    Dyrkbar jord og nydyrking i Noreg

    Noreg har om lag 12 millionar dekar (daa) dyrkbar jord, ca. 3,7 % av Noregs landareal, som kan nyttast til nydyrking. Desse areala er kartlagde og ligg på NIBIOs kartløysing Kilden. Ein stor del av dette dyrkbare arealet har kvalitetar som gjer at oppdyrking kan ha negative miljøeffektar. Til dømes er 35 % av det dyrk­bare arealet myr, og oppdyrking av myr gir utslepp av klimagassar. Vidare er 73 % av det dyrkbare arealet i klima­soner der areala er ueigna for matkorndyrking. Når dyrka jord vert nedbygd, kan vi derfor i liten grad erstatte areala ved nydyrking. Noreg har dermed lite areal i reserve som kan brukast til å produsere mat­korn.

    Produksjonspotensialet til den dyrkbare jorda er òg mindre enn for eksisterande dyrka jord. Dyrka jord er eit resultat av tusenvis av år med naturlege jordsmonndannande prosessar, der dyrking og kultivering, i mange tilfelle gjennom fleire hundre år, har bidratt til å utvikle det vi i dag har av god dyrka jord. Dyrka jord utgjer berre 3 % av Noregs landareal, og er i realiteten ein ikkje-fornybar ressurs.

    Statistikk

    Informasjon om godkjent areal for nydyrking finst i dei årlege KOSTRA(Kommune-Stat-Rapportering)-rapportane som du finn på KOSTRA sidene til Landbruksdirektoratet. Nydyrkinga skjer i hovudsak i område med husdyrproduksjon, og ein antar at krav om spreieareal er ei viktig driv­kraft bak nydyrkinga. I kva grad areala faktisk vert dyrka opp, har Landbruksdirektoratet derimot ikkje oversikt over. Godkjenninga fell vekk innan 3 år dersom tiltaket ikkje er iverksatt. 

    Nydyrking av myr er forbode

    Frå 2. juni 2020 er nydyrking av myr forbode. Dette grunna omsynet til klima. Det kan gis dispensasjon frå forbodet i særskilde høve. Les meir om dette i veiledaren under "publikasjoner". Fastsettingsbrev for forskrift om endring av forskrift om nydyrking finn du her. 
  • For deg som skal søke

    Om du ønsker å dyrke nye areal til jordbruksføremål må du søke kommunen om godkjenning. Dette er heimla i forskrift om nydyrking. Formålet med forskrifta er å sikre at nydyrking skjer på ein måte som tek om­syn til natur- og kultur­landskapsverdiane.

    Når kommunen skal behandle søknaden, må dei vurdere:

    • Om det er ønskeleg å styrke drifts­grunnlaget til den som søker (om bruket til søkar objektivt sett vert styrka ved at arealet vert nydyrka)
    • Om nydyrkingstiltaket legg til rette for gode løysingar for drifta (som reduserte kostnader ved drifta, teig­størrelsar og driftsavtanden)
    • Tiltaket etter føresegnene i kapittel II i naturmangfaldlova
    • Krava til vegetasjonssoner mot vassdrag
    • På myrareal krevjast det dispensasjon frå forbodet mot nydyrking av myr

     

    Det er òg andre omsyn som må takast i søknadsprosessen:

    • Dersom nydyrkingsarealet er over 50 dekar skal kommunen behandle tiltaket etter forskrift om konsekvensutgreiingar. Nydyrkingstiltak på mindre enn 50 dekar skal òg behandlast etter forskrifta dersom ein ikkje kan sjå vekk frå at tiltaket kan få vesentlege verknadar for naturmangfald eller andre viktige miljøomsyn. 
    • Dersom nydyrkingstiltaket utgjer 15 dekar eller meir av samla overflate over ein periode på fem år, vert det rekna som eit ”større privat tiltak”, og vert omfatta av undersøkingsplikta i kulturminnelova § 9. I desse sakene vil nydyrkingsforskrifta og kulturminnelova gjelde side om side.


    Søknadsskjema for godkjenning av plan for nydyrking finn du under fana "skjema". Veiledar til forskrift om nydyrking ligg under "publikasjoner".

    Kommunen er førsteinstans og treffer vedtak, medan fylkesmannen er klageinstans.

Kontakt

  • Har du spørsmål knyttet til dyrking av nye arealer til jordbruksformål, ta kontakt med kommunen din.

Lenker