Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Frist for å søkje erstatning ved avlingssvikt

Er du ein av dei som meiner du har hatt så stor avlingssvikt i vekstsesongen i år at du ønskjer å søkje erstatning? Husk søknadsfristen 31. oktober. Du finn elektronisk søknadsskjema på nettsida til Landbruksdirektoratet.

Grodd seksradsbygg Foto: Landbruksdirektoratet

Vanskelege hausteforhold kan gje rett til erstatning om avlinga vert dårleg.

I søknaden er det svært viktig at føretaket ditt kan dokumentere samanheng mellom skaden og klimapåvirkning. God dokumentasjon vil bli avgjerande for retten til erstatning. Du skal også ha gitt melding til kommunen om skaden, slik at kommunen har hatt høve til å kontrollere arealet på eit tidspunkt der klimaskaden kunne påvisast. Ta kontakt med kommunen din dersom du treng råd og hjelp.

Kommunen må kontrollere ved vanskelige forhold
Landbruksdirektoratet minner om at der det er spesielt vanskelege hausteforhold eller kvalitetsproblem som gjer at produsenten vurderer avlinga som tapt, må dette stadfestas av kommunen ved kontroll på staden. Dette er nødvendig for at tapet skal kunne gi rett til erstatning.

Fordelar med elektronisk søknad
Landbruksdirektoratet oppmodar alle til å søkje elektronisk. Det er enklare ettersom den elektroniske søknaden delvis er utfylt på førehand med nødvendige data, blant anna frå søknad om produksjonstilskot. I tillegg vil det bidra til å redusere tida til sakshandsaming.

Gå til søknadsskjema

Føremålet med ordninga er å redusere økonomiske tap som oppstår som følge av klimatiske forhold. Hovudprinsippet for ordninga er at ho skal vere ei hjelp gjennom ein vanskeleg økonomisk periode, og ikkje ei form for inntektsgaranti.

Kontaktperson

Relaterte nyheter

Elektroniske tjenester

Mer om temaet

Regelverk

Frister