Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Frist for å søkje erstatning ved avlingssvikt

Er du ein av dei som meiner du har hatt så stor avlingssvikt i vekstsesongen i år at du ønskjer å søkje erstatning? Husk søknadsfristen 31. oktober.

Flom Oppland 2013 (Copyright: Liv Maren Mæhre Vold)

Foto: Landbruksdirektoratet (Liv Maren Mæhre Vold)

 

I søknaden er det svært viktig at foretaket kan dokumentere årsakssamanheng mellom skaden og klimaet. God dokumentasjon vil bli avgjerande for retten til erstatning. Du skal også ha gitt melding til kommunen om skaden, slik at kommunen har hatt høve til å kontrollere arealet på eit tidspunkt der klimaskaden kunne påvisast.

 

Lite avlingssvikt i 2016

Landbruksdirektoratet innhenta førebelse anslag for avlingssvikt i starten av september. Prognosen for utbetaling av erstatningar for 2016 på landsbasis tilseier ei utbetaling klart under gjennomsnittet. Det vert meldt om middels til over middels gode avlingar for dei fleste vekster over heile landet. Skadene er i hovudsak knytta til overvintringsskader, og nokre skader grunna kraftig nedbør og hagl.

 

Søk erstatning elektronisk

Fristen for å søkje erstatning for avlingssvikt er 31. oktober. Landbruksdirektoratet oppmodar alle til å søkje elektronisk. Det er enklare ettersom den elektroniske søknaden delvis er utfylt på førehand med data, blant anna frå søknad om produksjonstilskot. I tillegg vil det bidra til å redusere tida til sakshandsaming. Ta kontakt med kommunen din dersom du treng råd og hjelp.

Gå til søknadsskjema

Føremålet med ordninga er å redusere økonomiske tap som oppstår som følge av klimatiske forhold. Hovudprinsippet for ordninga er at ho skal vere ei hjelp gjennom ein vanskeleg økonomisk periode, og ikkje ei form for inntektsgaranti.

Les meir om ordninga og korleis du søkjer erstatning for avlingssvikt.

Foto på forsiden: Landbruksdirektoratet