Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Nye utgreiingsprosjekt: Frå mikroplast til bruk av kunstig luktesans

Ni av 15 søknadar fekk nyleg innvilga støtte til sine prosjekt av styra for Forskingsmidla for jordbruk og matindustri. Tema for prosjekta famnar breidt, frå mikroplast i landbruksjord til virus i korn og bruk av kunstig luktesans for å oppdage sjukdom hos kyr.

Matjord (Copyright: Colourbox)

Eit av prosjekta skal mellom anna måle innhaldet av plast i norsk landbruksjord. Copyright: Colorbox


Utlysinga etterspurte utgreiingar og forprosjekt som viser kva moglegheiter som fins og utfordringar som må løysast for å oppnå verdiskaping og auka konkurransekraft innan norsk jordbruk og matindustri.

Kunnskap om jord

Plastforureining er i søkjelyset, spesielt mikroplast i hav og vassmiljø. Norsk institutt for vannforskning skal måle innhaldet av plast i norsk landbruksjord og auke kunnskapen om korleis plast vert akkumulert i jorda og vidare kan bli transportert til vassmiljø. Bruk av slam frå rensa avløpsvatn som jordforbetring har vorte peikt på som ei mogleg kjelde til mikroplast i landbruksjord. Slam er ein viktig ressurs i ein sirkulær økonomi og det trengs difor kunnskap om kor vidt det inneheld mikroplast som på sikt vert ført ut i vassmiljø.

Sidan 1980-talet har bøndene tatt jordprøver på eigne areal til bruk i gjødselplanlegging, men denne innsamlinga har ikkje vore systematisert. Dette ønskjer NIBIO og Norsk landbruksrådgiving Nord-Norge å gjere noko med. Målet for prosjektet dei har fått midlar til er å foreslå tiltak for ei meir effektiv og samordna innsamling, lagring og forvalting av jorddata frå norske jordbruksareal.

Tiltak mot plantesjukdom- og virus i korn, kålrot og jordbær

NIBIO ynskjer å etablere betre diagnostikkverkty for å kartlegge virus i korn i Norge, mellom anna stripemosaikkvirus, samt å styrke samarbeidet med andre europeiske land på området. I eit anna prosjekt vil NIBIO finne årsaken til og tiltak mot svarte karstrengar i kålrot. Ei løysing på dette problemet vil auke den salgbare avlinga og betre økonomien i kålrotproduksjonen.

Gråskimmel i jordbær er ein stor skadegjerar i norsk jordbærproduksjon. Problemet er aukande fordi soppen har utvikla resistens mot eksisterande sprøytemiddel. Norsk Landbruksrådgiving Innlandet vil undersøkje om importerte og norskproduserte småplantar er smittekjelde for resistent sopp. Resultata vil gje grunnlag for eventuelle resistensreduserande tiltak og rådgjeving til planteprodusentane.

Betre bruk av grovfôr og husdyrgjødsel

NORSØK skal sjå nærmare på korleis bønder kan handtere husdyrgjødsla meir effektivt i møte med utfordringar som dårleg arrondering, lange avstandar, ugunstige gjødslingstilhøve, for liten lagerkapasitet og manglande samarbeid med andre bønder. Målet er meir effektiv utnytting og handtering av gjødsla,  mindre belastning på klima og miljø og auka lønsemd.

AgriAnalyse skal klargjere korleis verkemidla i jordbrukspolitikken kan innrettast slik at bønder som fôrar opp storfe til slakt vil prioritere driftssystem som er basert på bruk av garden sine ressursar og auka bruk av grovfôr. Utgreiinga svarer difor til landbrukspolitiske mål om i større grad basere matproduksjonen på norske ressursar og mindre bruk av importert kraftfôrråstoff.

Bioøkonomi

NMBU har fått innvilga midlar til prosjektet «WheyBiotics» som skal gje betre utnytting av laktose i myse, eit restråstoff i meieri-industrien med stort potensiale. Dei vil undersøke korleis ein kan omdanne laktose til ulike stoff som kan nyttast i mat og farmasøytiske produkt. 

Dyrevelferd

Teknova AS og Tine SA har fått innvilga midlar til eit prosjekt der dei skal vurdere bruken av sensor- og bileteteknologi for overvaking av husdyr med mål om tidleg varsling av risiko for smittsomme sjukdomar eller skadar. Dei skal mellom anna nytte bilete-teknologi for å avdekkje om kyr haltar og kunstig luktesans for å påvise sjukdom hos kyr, slik som mastittpatogenar i mjølk.


Neste frist for å sende inn søknader om utgreiingar og forprosjekt til Styra for Forskningsmidla for jordbruk og matindustri er 1. november 2018. Kostnadsramma for det einskilde prosjekt skal ikkje overstige 500 000 kroner.

 logo_hoved_farger_rgb[1]                                FAKTA

                                                                   Kvart år blir det delt ut 220 mill.kroner til landbruksforsking i Norge.
                                                                                                Pengane kjem frå to kjelder:

  1. Ei forskingsavgift som er pålagt alle landbruksprodukt. Avgifta kjem frå norske og importerte råvarer, halvfabrikata og ferdigvarer. Avgifta ligg på om lag 165 mill. kroner for 2018.
  2. Under jordbruksavtalen blir partane einige om ein sum som blir øyremerka forsking. For 2018 er summen 55 mill. kroner.

Forskingsavgifta skal finansiere forsking rundt landbruksprodukt som blir nytta til å framstille nærings- og nytingsmiddel og til fôrkorn til husdyr. Forskingsavgifta finansierer prosjekt etter open utlysing. I tillegg får forskingsinstituttet Nofima ein årleg sum.

Formålet med forskingsmidla over jordbruksavtalen er å utvikle ny kunnskap til landbruks- og matsektoren. Prioriteringane skal vere i tråd med landbrukspolitiske mål og prioriterte innsatsområde for norsk landbruk i tråd med det gjeldande jordbruksoppgjeret. Midla til forsking blir delt ut etter ei open utlysing, anten som eiga utlysing eller som fellesutlysing med program i Forskingsrådet. Det er og mogleg å gje middel til utgreiingsprosjekt innanfor dei prioriterte områda.

Landbruksdirektoratet er sekretariat for dei to forskingsstyra som fordeler pengane.
Les meir om forskingsmidla

 

Kontaktperson