Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Nye utgreiingsprosjekt innvilga: Frå sårbare rådyr til blågrøn biogass

Også i denne søknadsrunden var det eit stort spenn i tema for utgreiingar og forprosjekt, frå dyrevelferd til økonomiske analysar og blågrøn energi.

Rådyr (Copyright: Colourbox.com /Bruksrett: Landbruksdirektoratet)

Foto: Colourbox.com

 

I utlysinga, med frist 26. april, var det gitt rom for breidde i tematikken, noko som fylgjeleg gjenspegla seg i søknadane. Styra for "Forskingsmidla for jordbruk og matindustri" ba om utgreiingar som kan kaste lys over utfordringar og moglegheiter for auka verdiskaping og konkurransekraft innan jordbruk og matindustri. Styra peikte spesielt på verdiskapingspotensialet som ligg i bioøkonomien og i eit samarbeid med blå sektor. I tråd med landbrukspolitiske føringar vart det i utlysinga også peikt særskilt på forsking retta mot opptak og utslepp av klimagassar.

Sju av i alt 17 søknadar kom gjennom nålauget og fekk i denne omgangen innvilga støtte til sine prosjekt.

 

Dyrevelferd
To ganske ulike forprosjekt vart prioritert innan dyrevelferd - eitt svært praktisk orientert, og eitt som eit meir strategisk verkemiddel.

Trondheim Innovation AS, saman med mellom andre NMBU, vil ved hjelp av moderne kamerateknologi utvikle eit system som kan oppdage rådyrkje i eng, slik at ein kan unngå å skade eller drepe desse i samband med fôrhausting. Trondheim Innovation AS viser til at ca. 4 000 rådyrkje blir drepne på denne måten i Noreg kvart år. Dette er problematisk både med omsyn til etikk og dyrevelferd, og gir næringa eit negativt omdøme. Det er også ei belastning for bonden og medfører fare for forureining av fôret.

TINE SA vil auke fokuset på dyrevelferd og gje auka tillit til norsk mjølkeproduksjon. I samarbeid med Veterinærinstituttet, NMBU og NIBIO vil dei utvikle ein objektiv dyrevelferdsindeks med ISO-standard på buskapsnivå. Ved å integrere dette i rådgjevinga, vil det bli eit strategisk verkemiddel som kan styrkje konkurransekrafta i norsk mjølkeproduksjon.

 

Landbruk og samfunnsnytte
Menon Economics har tidlegare utarbeidd ein samfunnsøkonomisk analyse av landbruket si forsyningsevne og laga ein modell for dette (KRIMO-modellen). I ei utgreiing ynskjer dei no å vidareutvikle denne for å gje eit meir presist rammeverk for å fastsetje nytteverdien av landbruket si forsyningsevne i ein eventuell krisesituasjon.

I eit anna prosjekt Menon Economics fekk innvilga skal dei greie ut metodar for å kunne verdsetje landbruket sitt bidrag til fellesgode som kulturlandskap og økosystemtenester (goder og tenester vi får frå naturen). Begge desse utgreiingane kan vere med og synleggjere ovanfor beslutningstakarar og resten av samfunnet nytteverdien og lønsemda som ligg i å ha ein norsk matproduksjon.

 

Klima og miljø
Mykje spennande skjer innan avfallsektoren og sirkulærøkonomien. No ser ein at det vert teke initiativ til blågrønt samarbeid. Søndre Helgeland Miljøverk vil utgreie moglegheitene for å produsere biogass basert på lokalt avfall frå hushaldningane, frå blå og grøn sektor og frå slakteriavfall. Her er planen at også restråstoff frå gassproduksjonen kan verte brukt som plantegjødsel.

 

Bærproduksjon
Utbreiing av planteparasittære nematodar (PPN) i norske bringebærfelt og eit eventuelt samband med rotråte veit ein i dag relativt lite om. Gjennom ei kartlegging vil NIBIO auke kunnskapen og leggje grunnlag for tiltak som kan redusere tap og auke inntektene i bringebærdyrkinga. Undersøkingar skal også gjerast på solbær, rips og blåbær. Dette prosjektet vil utfylle eit anna prosjekt som no er i avslutningsfasen, der ein ser på PPN i poteter, grønsaker og jordbær.

 

Grovfôrkvalitet
Kvaliteten på grovfôret er svært viktig i mjølkeproduksjonen. Tine SA har rekna ut at når ein også tek med kjøtproduksjon på storfe og sau, vil ein prosent auke i grovfôrutnyttinga kunne gje ein produksjonsvinst på 100 mill. kroner per år. For å oppnå dette må ein ha god kunnskap om næringsinnhaldet i fôret. Difor ynskjer Tine SA å introdusere eit nytt fôranalyseverktøy som kan nyttast ute på den einskilde gard. Slik slepp ein å sende inn fôrprøver til utanlandske analyselaboratium slik ein gjer i dag. Teknologien finst, men må kalibrerast for norske tilhøve og undersøkingar må gjerast for å sjå om dette fungerer slik ein forventar.

 

Neste søknadsrunde
Neste frist for å sende inn søknader om utgreiingar og forprosjekt til Styra for "Forskningsmidla for jordbruk og matindustri" er 1. november 2017. Kostnadsramma for det einskilde prosjekt skal ikkje overstige 500 000 kroner.

Foto på forsiden: Colourbox.com

Kontaktperson

Mer om temaet