Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Om midlar til forsking og utvikling

forskning (Copyright: Colourbox.com)

Landbruksdirektoratet administrerar midlar til forskings- og utviklingstiltak innan jordbruk og mat, klima og miljø, plantevern, økologi, skog og naturskade.

  • Kort om dei ulike FoU-ordningane

    Ordningane har ulike krav og søknadsfristar.

    Midlar til jordbruks- og matforsking vert fordelt av styret for fondet for forskningsavgift på landbruksprodukter (FFL) og styret for forskningsmidler over jordbruksavtalen (JA). Landbruksdirektoratet er sekretariat for styra. Det vert gitt midlar ein gong i året.

    Midlar til klima- og miljøtiltak
    vert løyvd over jordbruksavtalen. Landbruksdirektoratet forvaltar midlar til nasjonale tiltak. Det vert gitt midlar ein gong i året.

    Midlar til berekraftig bruk av plantevernmidlar
    vert satt av over jordbruksoppgjøret til å følgje opp handlingsplanen for berekraftig bruk av plantevernmidlar. Landbruksdirektoratet forvaltar tilskotet og Mattilsynet deltar i vurderinga av søknadar. Det vert gitt midlar ein gong i året.

    Midlar til økologiske prosjekt
    er satt av over jordbruksoppgjeret. Midlane vert forvalta avLandbruksdirektoratet med utgangspunkt i regjeringa sitt mål om at 15 prosent av matproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk i 2020.

    Midlar til skogbruk
    vert løyvd av styret for Utviklingsfondet for skogbruket. Landbruksdirektoratet er sekretariat for styret. Det vert gitt midlar ein gong i året.

    Midlar til naturskade
    vert løyvd av styret for Statens naturskadefond. Søknader skal sendast til Landbruksdirektoratet. Det er ingen søknadsfrist.