Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Feil i tollnedsetjing for potet

Ein teknisk feil har gjort at overføring av ein tollsats frå Landbruksdirektoratet sitt system til Tolletaten ikkje er satt i verk, og noko import av potet som skulle hatt nedsett toll 15. mai får difor full toll. Dei som vert ramma av feilen kan søka om tollnedsetjing.

9. mai vart det publisert ei tollmelding om generell tollnedsetjing for poteter i perioden 15. mai til 15. juli 2018. Overføring av tollsatsar frå Landbruksdirektoratet til Tolletaten feila, og import under dei aktuelle varenummera vil difor skje til ordinær tollsats i dag, 15. mai.

Dei som har importert eller skal importera poteter på varenummer 07.01.9018 i dag, tysdag, kan søka om individuell tollnedsetjing for dei aktuelle varene. Dei må då bruke Altinn og det elektroniske søknadssystemet for tollnedsetjingar.

Om det skulle oppstå problem kan importørar kontakta Anders Hellestveit (tlf. 78 60 61 60).

Kontaktperson