Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Slutt på tollnedsetjinga for storfekjøt

Frå måndag 15. april er det full toll på import av storfekjøt. Dei siste vekene har nedsett toll bidratt til å få ferskt importert kjøt til den norske marknaden. Det er enda mogleg å importere på kvoter som ikkje er fullt utnytta.

Storfeskrotter (Copyright: Opphavsrett: Colourbox.com)

Frå måndag 15. april er det full toll på skrottar av storfekjøt.

Perioden med nedsett toll for storfekjøt går no mot slutten. Tollsatsen for heile og halve skrottar har vore sett ned til kr 20,50 per kg frå 26. mars. Frå førstkomande måndag, 15. april, vert det ordinær toll til kr 32,28 per kg.

Landbruksdirektoratet har vorte oppmoda om å forlenga tollnedsetjinga, men har konkludert med å avslutta den som planlagt. Dette er òg i tråd med rådet frå marknadsregulator Nortura.

Tollnedsetjinga som går ut på måndag har lagt til rette for import som har bidratt til å forsyna marknaden med ferskt kjøt i dei tre vekene som leier opp mot påske, og inn i påskesalet. I tillegg har det vore tint mykje storfekjøt frå reguleringslager, men det er framleis mykje att her.

Og enno kan ein importere til nedsett toll ved å nytta kvoter. Kvota på storfekjøt frå EU er 56 prosent utnytta, og kvota er omsetjeleg. Etter påske er det venta betre tilgang på ferskt norsk storfekjøt.


Kontaktperson

Mer om temaet