Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Høgare import av sukkervarer og sjokolade på hausten

Importen av bearbeidde jordbruksvarer (RÅK-varer) i tredje kvartal 2019 var prega av sesongvariasjonar for sjokolade og sukkervarer, samt fortsatt oppgang i importen av brødvarer og sauser.

Sjokoladeplate og sjokoladebønner 674x279 (Copyright: Colourbox.com)

Sjokolade er ei sentral varegruppe for norsk industri som produserer RÅK-varer.

 
Det var ei auke i importen av sjokolade og sukkervarer samanlikna med føregåande kvartal, noko som er ein vanleg sesongvariasjon.
– Eksporten av sjokolade og knekkebrød auka samanlikna med tredje kvartal i fjor, men er likevel svært avgrensa samanlikna med importen, seier seksjonssjef Jens Tjentland i Landbruksdirektoratet.  – Vi ser at det hittil i år generelt har vore ei stabil og positiv utvikling i norsk produksjon av RÅK-varer. 

Tala kjem fram i ein ny rapport om konkurransesituasjonen for RÅK-varer i tredje kvartal 2019.

Størst import av brødvarer og sauser
Importen av brødvarer og sauser fortsette å stige i tredje kvartal 2019, samanlikna med føregåande kvartal og tredje kvartal i fjor. Dette er dei varegruppene det var størst import av i tredje kvartal 2019, etterfølgt av øvrig bakverk. Det har også vore ei auke i importen av pizza.
Noreg importer hovudsakleg RÅK-varer fra EU, og halvparten av importen var fra Sverige, Nederland og Tyskland i tredje kvartal 2019.

Auka eksport av sjokolade og knekkebrød
Sjokolade er den varegruppa det var størst eksport av i tredje kvartal 2019. Det vart eksportert sjokolade til nesten 100 millionar kroner, og over halvparten av eksporten gjekk til Sverige og Tyskland.

Eksporten av knekkebrød heldt fram på eit høgt nivå i tredje kvartal 2019. Det vart eksportert knekkebrød til 50 millionar kroner, og halvparten av eksporten gjekk til USA. 

Pizzaeksporten i tredje kvartal 2019 var på samme nivå som i tredje kvartal i fjor, og litt lågare enn i føregåande kvartal. Eksporten gjekk hovudsakleg til Finland og Sverige.

Norsk produksjon aukar
Total mengde RÅK-varer som det har blitt søkt om tilskot til i dei tre første kvartala i 2019 er litt høgare enn i tilsvarande periode i fjor. Hovudårsaka til oppgangen er høgare sal av sjokolade både i Noreg og til utlandet, samt høgare sal av pizza til utlandet.

FAKTA OM RÅK
RÅK står for råvarepriskompensasjon, og er ei ordning som skal utjamne forskjellar mellom norske og internasjonale råvareprisar til industrien. Den skal bidra til at industri som bruker norske råvarer kan konkurrere med tilsvarande industri som held til i utlandet. Landbruksdirektoratet forvaltar RÅK-ordninga og overvåker konkurransesituasjonen til RÅK-industrien. Rapportane som blir publiserte kvart kvartal er ein del av denne overvåkinga.

Kontaktperson

Mer om temaet