Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Lågare toll på import frå fattige land

Frå nyttår blir fleire landbruksvarer tollfrie eller får lågare tollsats når dei vert importerte til Noreg frå nokre av dei fattigaste landa i verda.

Stortinget har vedtatt at Noreg skal gje endå lågare toll til import frå land i GSP-systemet (Generalized System of Preferences) enn før. Det betyr at frå 1. januar vert fleire varer tollfrie eller får lågare tollsats ved import frå land som inngår i dette systemet. Utvidinga gjeld lågare mellominntektsland, som òg går under namnet "GSP+". Her er ei oversikt over kva slags land som er omfatta av denne gruppa.

Regjeringa har lagt ut lister over dei spesifikke endringane på sine nettsider. Varegruppene som er omfatta av ordninga får 20 prosenteiningar lågare tollsatsar enn andre GSP-land når dei kjem frå GSP+-land. Til dømes vil varer som tidligare fekk 10 prosent reduksjon i tollen no få 30 prosent reduksjon. Unntaket er kjøtvarer, der dei berre får reduksjon i tollsatsane innanfor dei WTO-kvotane som har avgrensa mengde.

Dei nest fattigaste landa

Dette gjeld den nest fattigaste landgruppa i GSP-systemet. Dei fattigaste, minst utvikla landa, eller MUL-land, har allereie tollfritak for varene som inngår i ordninga. For mange varegrupper har dei ordinære GSP-landa noko høgare tollsatsar enn GSP+-landa.


FAKTA OM GSP-SYSTEMET
Det norske GSP-systemet gjer det mogleg for u-landa å eksportere varene sine til låg eller ingen toll til Noreg. Systemet er i dag sett i verk for omtrent 90 land og område, der omtrent 35 av disse er såkalla minst utvikla land (MUL). I motsetnad til frihandelsavtalene er GSP-ordninga einsidig. Det vil seie at norske eksportørar ikkje får lågare toll for produkta sine ved eksport til eit GSP-land.

Kontaktperson

Mer om temaet