Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Sesongvariasjonar gjev utslag i importen

Importen av bearbeida jordbruksvarer (RÅK-varer) i tredje kvartal var prega av haust, ein vanleg sesongvariasjon. Meir import av sjokolade, mindre import av is og øl.

Bruksrett Landbruksdirektoratet (Copyright: Colourbox.com)


Importert mengde av sentrale RÅK-varer var tilnærma lik som i førre kvartal, men med normale sesongvariasjonar for enkelte varegrupper. Det var ein oppgang i importen av sjokolade og sukkervarer, medan importen av øl og iskrem gjekk ned. Vidare har importen av pizza halde seg relativt høg og stabil hittil i år, noko som tyder på at sesongvariasjonar, som vi har sett for denne varen tidlegare, har blitt mindre.

Noko auke i eksporten
Noregs eksport av RÅK-varer er totalt sett avgrensa. Dersom ein ser bort frå mineralvatn, som det er størst eksport av, har eksporten hatt ein svak nedgang frå førre kvartal. Knekkebrød og sjokolade skil seg derimot ut ved at dei har hatt ein aukande trend over tid. Det ser mellom anna ut til at eksporten av knekkebrød, som har hatt ein sterk oppgang dei siste åra, har stabilisert seg på eit relativt høgt nivå i heile 2018.

Importerer hovudsakleg frå Nord-Europa
EU er vår viktigaste handelspartnar for import av RÅK-varer. Om lag halvparten av dei bearbeida matvarene som har blitt importert hittil i år kom frå Sverige, Tyskland og Nederland.

Du kan lese mer om utviklinga i rapporten Konkurransesituasjonen for bearbeidede landbruksvarer 3. kvartal 2018.

Landbruksdirektoratets kvartalsrapport for RÅK-industrien utgjer ei oversikt over tilskotsutbetalingar, råvareprisar, import- og eksportstatistikk. Dette utgjer eit bilete av konkurransesituasjonen for norske RÅK-varer. Handelsstatistikken omfattar eit utval RÅK-varer som i stor grad konkurrerer med norsk næringsmiddelindustri. 

Kontaktperson

Mer om temaet

Ordforklaringer