Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Samla miljøinnsats i 10 år

Nasjonalt miljøprogram blei oppretta i 2005, med føremål om å synleggjere og auke målrettinga av miljøarbeidet i jordbruket. Etter 10 år er innsatsen meir spissa mot konkrete miljøutfordringar, men det kan framleis vere vanskeleg å syne effekten for fleire av verkemidla. I rapporten «Miljøstatus i landbruket for 2015» syner Landbruksdirektoratet korleis bruken av verkemidla for å ivareta miljøet har utvikla seg dei siste 10 åra og korleis dei blei brukte i 2015.

Fjellandskap (Copyright: © Skog og landskap)

 

Målretting av tiltak gjer miljøgevinst
For å sikre ressursgrunnlaget for landbruksproduksjon i framtida og ta vare på viktige miljøverdiar, er det viktig å stimulere til drift som skjøttar areal med miljøverdiar og som minimerer negative påverknader med utslepp til luft og vatn. Sidan 2005  har tiltaka vorte meir målretta mot dei ulike miljøutfordringane i jordbruket. Sjølv om delen føretak som gjennomfører miljøtiltak held seg på eit relativt jamt nivå, kan ein gå ut frå at auka målretting av verkemidla gir betre resultat og er meir effektive no enn tidlegare. Frå 2013 er alle tiltak i regionalt miljøprogram (RMP) kartfesta, noko som gir betre høve til å sjå om innsatsen blir sett inn på rett stad, der miljøutfordringane ligg.

Utviklinga i dei spissa miljøverkemidlane
Regionalt miljøprogram og Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) er viktigast av dei meir spissa miljøordningane. Tiltak i kulturlandskapet og tiltak mot avrenning av gjødsel er dei to områda der det er løyvd mest midlar. Det siste året var det 1,2 mill. dekar jordbruksjord som ikkje blei pløgd om hausten for å redusere tilførsel av næringsstoff til vatn. Dette er om lag 52 % av alt kornareal i Noreg. Frå 2008 blei tiltaket «miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel» innført og har auka i omfang fram til 2015. Ordninga hindrar både ammoniakktap til lufta og reduserer avrenning frå gjødsla.

Auka problem med nedbør og avrenning, har gjort at tiltak for å handtere vassmengdene er blitt prioritert dei siste åra, spesielt i SMIL. Klimaendringane vil gjere behovet enda større framover for å vedlikehalde hydrotekniske anlegg og å gjere nye tiltak retta mot nedbør.

Utvikling RMP

Figuren syner utviklinga i hovudtema for Regionalt miljøprogram i perioden 2005-2015. RMP-midlar går til årlege tiltak som skjøtsel eller redusert jordarbeiding. Fleire spissa tiltak har kome til over perioden, til dømes biologisk mangfald og utslepp til luft (her ligg miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel). Ei forklaring til auken for biologisk mangfald er dels at tiltaka er gjort meir målretta og synlege for søkjarane. Ramma for programmet har gått frå om lag 330 mill. kronar i 2005 til 425 mill. kronar i 2015.

Nedgang i kulturlandskapstiltak
Med ei forholdsvis jamn ramme i SMIL, har prioriteringa av vassmiljøtiltak samstundes medført ein nedgang for aktivitetar i kulturlandskapet. Dette kan bety at tiltak for å ta vare på til dømes kulturminne og biologisk mangfald står i fare for å ikkje bli gjennomførde i like stor grad som naudsynt. I RMP blei samstundes tiltak for biologisk mangfald oppretta som eit eiga område i 2008, og har auka i omfang over perioden. 

Utvikling SMIL

Figuren syner utviklinga i hovudtema for Spesielle miljøtiltak i jordbruket. SMIL-midlar går til eingongstiltak som restaurering eller vedlikehald av areal eller bygninger. Kulturlandskapstiltak låg på om lag 83 % i 2005, men har sunke til under 70 % i 2015. Tiltak mot forureining av vassmiljøa er blitt tredobla i perioden (13 % til 32 %). Ramma har ligge på rundt 125 mill. kronar frå 2005-2014, men blei redusert med 30 mill. kronar i 2015.

 

Klima i endring krev førebyggjande tiltak
Svingingar i klima medfører einskilde år store skader og tap lokalt – ei utvikling som truleg vil bli sterkare i åra som kjem. I 2015 blei det tilkjent 111 mill. kroner i naturskadeerstatning, og utbetalt 66 mill. kroner til landbrukserstatning. Flaum var den største årsaka til naturskade. Landbruket kan tilpasse seg eit klima i endring ved mellom anna å ta i bruk plantesortar som tåler endra vekstvilkår og finne gode måtar å handtere auka vassmengder.

Til no har det ikkje vert eigne tiltak retta direkte for å redusere klimagassutslepp frå jordbruket i RMP og SMIL. Fleire tiltak kan samstundes ha ein positiv effekt på å redusere utslepp av klimagassar, til dømes drenering og betre gjødselhandtering. Det blir arbeidd med å betre kunnskapen for å få fram effektive tiltak, spesielt gjennom Klima- og miljøprogrammet. I 2015 vart det gitt støtte til prosjekt som skal auke kunnskapen om korleis vi kan få ned utsleppa og mestre eit endra klima. Desse gjeld karbon i jord, bruk av gjødsel og biorest frå biogassanlegg, og verktøy for klimasmart gardsdrift. I skogbruket er det satt i gang fleire tiltak for å auke bindinga karbon. Dette er planting av skog på nye areal, gjødsling av skog og tettare planting.

Les meir om utviklinga for 2015 i rapporten her

 

Foto på forsiden: Oscar Puschmann

Kontaktperson

Mer om temaet