Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Naturmangfald

jordkloden-i-en-hånd (Copyright: Colourbox.com)

Naturmangfaldlova, som trådde i kraft 1. juli 2009, har som formål å ta vare på naturmangfald gjennom berekraftig bruk og vern, og skal sikre ei samordna forvaltning av all natur i Noreg. Lova er sektor-overgripande, det vil seie at ho verkar saman med andre lovverk. Lova regulerer forvaltning av artar, områdevern, framande organismar, utvalde naturtypar, og tek vare på leveområde for prioriterte artar. Alle må forhalde seg til lova gjennom akstemdsplikta; ein kvar skal opptre aktsamt og gjere det som er rimeleg for å unngå skade på naturmangfaldet.

  • Naturmangfaldlova

    Landbruksdirektoratet har fått ansvar for å gjennomføre natur­mang­faldlova (nml.) knytt til regelverket som gjeld landbruks­verksemd. Bruk av areal til landbruks­verksemd skal skje innanfor det til ei kvar tid gjeldande regelverk, noko som òg medreknar naturmang­fald­lova sine føresegner. Vi har og ansvar knytt til ivaretaking av land­bruksomsyn i samband med utpeiking av prioriterte artar og ut­valde naturtypar. Landbruksdirektoratet sam­arbeidar med miljøforvaltninga om ivaretaking av biologisk mangfald. 

    Lova skal bidra til at dei sektorane som påverkar eller utnytter naturressursar skal legge vekt på felles mål og prin­sipp. Les meir om desse prinsippa i Klima- og miljødepartementet sin rettleiar til naturmangfaldlova kapittel II. Eit anna viktig prinsipp er ”aktsemdsplikta”. I denne plikta ligg det at ein skal gjere seg kjent med kva naturverdiar som kan bli skada av tiltak på eigen eller andre sin grunn. 

    Lova inneheld nye verkemiddel for å ta vare på spesielt trua natur, som prioriterte artar og utvalde natur­typar:

    Prioriterte artar erstattar den tidlegare artsfredinga i naturvernlova. I tillegg til å frede enkeltartar ved å gi dei status som prioriterte artar, kan òg arten sitt leveområde no vernast. I samband med prioritering av arten vert det utarbeidd ein handlingsplan, og i den vert det bl.a. beskreve tiltak som skal sikre arten og leveområda. Fylkesmannen skal informere grunn­eigarar om kjende førekomstar av prioriterte artar på eigedomen.  Alle forskriftene om prioriterte artar som er vedtatt til no sett forbod mot uttak (inkl. flytting), skade og øydelegging av arten. Fylkesmannen kan avgjere kva som omfattast av dette forbodet.

    Det er i dag tretten artar som er prioritert etter naturmangfaldlova: trøndertorvmose, skredmjelt, svartkurle, dvergålegras, svart­halespove (berre den nordlege underarten Islandica), fjellrev, dverggås, dragehode, honning­­­blom, rød skogfrue, elve­sandjeger, eremitt og klippe­blåvinge. Forskriftene finst på lovdata.no. Du kan lese meir om desse artane, samt finne handlingsplanane på Miljødirektoratet sin nett­stad, og i rettleiaren DN Håndbok 1-2012

    Nokon av dei prioriterte artane blir verna med eit økologisk funksjonsområde. I desse områda er enkelte tiltak og handlingar forbode. Desse omsyna skal ikkje medføre at igangverande bruk vert vanskeleg. Dersom igangverande bruk vert vanskeleggjort, kan grunneigar krevje området verna, eller at det vert gjort eit unntak frå prioriteringa. Informasjon om bruk og tiltak i det økologiske funksjonsområdet finn du i handlingsplanen og i forskrift for arten. 

    Forvaltningsmyndigheita (som oftast Fylkesmannen) kan inngå ein skjøtselsavtale med grunneigar, organi­sasjonar eller andre. Miljø­vern­departementet har oppretta ei tilskotsordning til dette. Forvaltnings­myndigheita har rett til å utføre skjøtselstiltak i tråd med handlingsplanen dersom ein ikkje får til å inngå ein frivillig avtale. For­valtnings­myndigheita kan ikkje pålegge grunneigar å gjennom­føre skjøtselstiltak. 

    Utvalde naturtypar er definerte naturtypar som får status som utvald naturtype. Dette er ikkje ei freding av naturtypen, men ei statleg retningslinje for berekraftig bruk. Det vert òg utarbeidd hand­lings­planar for dei utvalde natur­typane, som inneheld bl.a. forslag til tiltak for å ta vare på naturtypen. Alle skal etter beste evne gjere seg kjend med kva som er utvalde naturtypar, og om dei vert råka av eigne aktivitetar. Ein føresetnad for dette er at forvaltningsmyndigheita gir god informasjon. 

    Det er i dag seks naturtypar som er utvald etter natur­mangfaldlova: kystlynghei, slåttemark, slåttemyr, kalksjøar, kalk­lindeskog og hule eiker utanfor produktiv skog. Du kan lese meir om desse naturtypane på Miljødirektoratet sin nettstad og i rettleiaren DN Håndbok 31-2011

    Utvalde naturtypar, og natur­typar som er i prosess for utveljing, kan få tilskot frå både land­bruks- og miljø­for­valtninga sine til­skots­ordningar. Fylkesmannen administrerer desse ordningane, og til dømes fekk prosjektet  ”utvalgte kulturlandskap” istandsatt og skjøtta slåttemarker for ca. 1 million kroner i 2011. 

    Verneområde. Vern av område skjer no etter naturmangfaldlova. Det er fem ulike vernekategoriar i lova, der verne­kategoriane har forskjellig grad av vern, med tilsvarande grad av opning for bruk av områda. Ved oppretting av nye verneområde skal grunneigarar og rettshavarar involverast i prosessen. Dersom vernet fører til ei vanskeleggjøring av igangverande bruk, har grunneigar rett til erstatning frå staten for økonomisk tap. Verneforskriftene seier kva for tiltak som er lov, forbode, og kva tiltak som må søkast/gi melding om til forvaltnings­myndigheita (Fylkesmannen). Eventuell skjøtsel i verneområde kan ut­førast av Fylkesmannen, eller gjennom avtale mellom grunneigar og Fylkesmannen. 

    Skogvernarbeidet på privat grunn skjer i hovudsak som frivillig vern i eit samarbeid mellom skogeigarane og miljøvernmyndigheitene, samt ved vern av offentleg eigde skog­areal. Det er ei føresetnad at vernearbeidet fangar opp dei skogområda som har høgast verne­verdi.

  • Kva jordbrukarane må ta omsyn til

    Mange artar og naturtypar er avhengige av eit aktivt jord- og beite­bruk for å overleve, samtidig som eit intensivt jordbruk kan vere negativt for naturmangfald og kulturminne. Jordbruket har fleire verkemiddel innan Nasjonalt miljøprogram for å ivareta biologisk mangfald: Areal- og kultur­land­skapstilskot, Regionalt miljø­program (RMP) og Spesielle miljø­tiltak i jord­bruket (SMIL). Ein stor del av miljø­verkemidla retta mot biologisk mangfald går til istandsetting og skjøtsel av kultur­betinga naturtypar. Dette er naturtypar som er eit resultat av tradisjonell drift som beite, slått og lauving. Du kan lese meir om desse verkemidla på Landbruksdirektoratet sin nettstad. Landbruksdirektoratet publiserar årleg ein miljørapport, ”Miljøstatus i landbruket”, som òg er å finne på vår nett­stad. 

    Miljø, randsone.  Foto: SLF

    Prioriterte artar: Per i dag er det fire prioriterte artar å finne i kulturlandskapet: Svartkurle, svarthalespove (berre den nordlege underarten Islandica), drage­hode og dels honning­blom. Svartkurle og svarthalespove er prioritert med økologisk funksjonsområde. Les meir om kva dette inneber i teksten over her. 

    Utvalde naturtypar: Per i dag er det tre utvalde naturtypar å finne i kulturlandskapet: Slåttemark inkludert lauv­eng, slåttemyr og kystlynghei. Det er innført meldeplikt for jordbrukstiltak som råkar ein utvald naturtype (nml. § 55). Meldeplikta gjeld ikkje for tiltak som krev løyve etter anna lovverk, ettersom naturmangfaldlova blir vurdert ved behandlinga etter dette andre lovverket. Meldepliktige tiltak er tiltak som er egna til å endre karakteren eller omfanget av ein førekomst av ein utvald naturtype, som f.eks. tilsåing eller gjødsling. Tiltaka skal meldast til kommunen, og kommunen skal gi tilbakemelding innan tre veker før tiltaket eventuelt kan utførast. Melde­plikta gjeld ikkje tiltak som i handlings­planen er beskrivne som positive for natur­typen. Kommunen sitt vedtak kan påklagast til Landbruksdirektoratet.

  • Kva skogbrukarane må ta omsyn til

    Skogbruk kan ha lokalt negativ effekt på raudlisteartar. Det er derfor sett inn tiltak for å redusere desse effektane ved å unngå eller tilpasse hogst på areal som er særleg viktige for raudlisteartar. Døme på dette er PEFC (Programme for the Endorsement of Forest Certification schemes), og du kan lese meir om kravpunkta på PEFC Noreg sin nettstad. Skogbrukslova av 2005 med tilhøyrande forskrifter sett elles mange krav til nærings­verksemda til skogeigar med tanke på bevaring av biologisk mangfald. 

    Det vert gjennomført mange tiltak i skog som ikkje treng godkjenning frå offentleg myndigheit, og som derfor ikkje er omfatta av prinsippa i kap. II i naturmangfaldlova. Skogbrukslovverket krev som nemnt over elles at det vert tatt miljøomsyn, samstundes som du òg må følgje den generelle aktsemdsplikta i natur­mang­faldlova § 6. 

    skog Foto: Colourbox.com

    Prioriterte artar: Per i dag er det få prioriterte artar i skog: Rød skogfrue, og dels eremitt og trøndertorvmose. Rød skogfrue og trøndertorvmose er prioritert med eit økologisk funksjonsområde. Les meir om kva dette inneber over her. 

    Utvalde naturtypar: Per i dag er det kun kalklindeskog som er ein relevant utvald naturtype for skogbrukarane, ettersom forskrifta for hule eiker er unnateke i produktiv skog. Du kan lese meir om ulike tiltak og aksemd i brosjyren ”Hule eiker", som er utarbeida av Fylkesmannen i Oslo og Akershus.

    Det er innført meldeplikt for skogbrukstiltak som ikkje krev løyve etter anna lovverk, og som kan råke ein ut­vald naturtype (nml. § 54). Tiltaka skal meldast til kommunen, og kommunen skal gi til­bakemelding innan tre veker før tiltaket eventuelt kan utførast. Meldeplikta gjeld ikkje til­tak som i handlingsplanen er beskrivne som positive for naturtypen. Kommunen sitt ved­tak kan påklagast til Miljødirektoratet. 

    Grunneigarar som i vesentleg grad vert råka av forslag om utval av naturtypar i eigen skog, eller der eit utval vil medføra restriksjonar i igangverande verksemd, kan tilby sitt område for frivillig vern. Dette som eit alternativ til status som utvald naturtype etter naturmangfaldlova. 

    Rettleiar om praktisk bruk av naturmangfaldlova ved behandling av skogsaker
    Når saker vert behandla etter skoglova med forskrifter, skal vedtaka heimlast i sektor­regelverket for skog. Det skal ofte òg gjerast vurderingar etter naturmangfaldlova i desse sakene. Landbruksdirektoratet tilbyr ein rettleiar om praktisk bruk av naturmangfaldlova ved behandling av skogsaker. Rettleiaren rettar seg særskilt mot saksbehandlarar i kommunen. Rettleiaren gir ei innføring i praktisk bruk av dei miljørettslege prinsippa i naturmangfaldlova. Praktiske eksempel viser korleis prinsippa blir anvendt i saker etter sektor­regelverket.

    Forskrift om utsetting av utanlandske treslag til skogbruksformål: Formålet med forskrifta er å hindre at utsetting av utanlandske treslag medfører, eller kan medføre, uheldige følgjer for naturmangfaldet. Dersom du skal setje ut utanlandske treslag i Noreg, medrekna pro­duksjon av juletre og pyntegrønt, må du søkje om tillating etter forskrift om utsetting av utanlandske treslag til skogbruksformål. Dersom du er tvil om du må søke, bør du kontakte Fylkes­mannen der du bur. Miljødirektoratet er klageinstans for vedtak fatta av Fylkes­mannen, og Klima- og miljødepartementet er klage-instans for vedtak fatta av Miljødirektoratet.  Det er utarbeida ein veiledar til forskrifta som du finn på Miljødirektoratet sin nettstad. Forskrifta ligg på lovdata.no, og skal reviderast i løpet av 2013.