Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Nasjonal strategi for villbier og andre pollinatorar

Ein oppdatert versjon av faggrunnlaget til den nasjonale strategien for villbier og andre pollinerande insekt vart levert oppdragsgjevarane 15. mai. No fortset arbeidet med strategien hos departementa.

Markhumle og selje (Copyright: Sissel Rübberdt)

Eit første utkast til faggrunnlag vart levert 31. oktober 2016. I desember fekk Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet i oppdrag av høvesvis Landbruks- og matdepartementet (LMD) og Klima- og miljødepartementet (KLD) å supplere og kvalitetssikre dette utkastet. Ei gruppe forskarar har stått for kvalitetssikringa, og dei har utvida omtalen av viktige tema. Direktorata, saman med transportetatane, Forsvarsbygg og Statsbygg, har utvida omtalen av aktuelle tiltak for sine sektorar.

Faggrunnlaget vart levert til departementa 15. mai, og du finn det i høgremargen på denne sida. Før dokumentet vart sendt til departementa, fekk interesseorganisasjonar og andre høve til å kome med innspel og foreslå tiltak.  

Bier og andre pollinerande insekt speler ei avgjerande rolle for produksjonen av til dømes frukt og bær, og for ville plantar. Fleire av desse insekta er i tilbakegang i Noreg, og nokre artar har vi allereie mista frå faunaen vår. Endra arealbruk (mellom anna i jordbruket), bruk av sprøytemiddel, konkurranse frå framande artar, sjukdom og parasittar samt klimaendringar vert trekte fram som trugsmål.

Les meir på Regjeringa sine nettsider.

 

Mer om temaet