Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Våtmarker i Noreg skal restaurerast

Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet har laga ein plan for restaurering av myrer og andre våtmarker, med føremål om at tilstanden til desse naturtypane blir betra. Desse naturtypane er under press i Noreg, men kan bidra til klimatilpassing og reduserte klimagassutslepp.

Myrull (Copyright: Illustrasjonsfoto: Colourbox.com)

 

Eit viktig premiss i planen er at tiltaka ikkje skal kome i konflikt med jord- og skogbruksinteresser. I det ligg det at tiltaka berre kan gjennomførast om grunneigaren samtykker.'

Myr og anna våtmark har blitt påverka i lang tid av menneskeleg aktivitet. Restaurering inneber å føre eit økosystem som er blitt endra tilbake til ein tilnærma tidlegare tilstand.

Planen for restaurering gjeld perioden 2016–2020, og skal bidra til å nå regjeringa sine mål om reduserte klimagassutslepp, tilpassing til klimaendringane og betra økologisk tilstand. I 2017 er det løyvd over 26 mill. kroner til restaurering av våtmark i Noreg. Fleire stader er restaureringa allereie kome i gang, foreløpig stort sett innanfor verneområde. Nokre restaureringsprosjekt kan vedkome, og nokre stader vere til nytte for, jord- og skogbruk.  Jord- og skogbruksareal som har gått ut av drift, til dømes fordi dreneringa ikkje er god nok, kan det vere aktuelt å restaurere. Tiltaka skal ikkje kome i konflikt med jord- og skogbruksinteresser, og kan berre  gjennomførast om grunneigaren samtykker. Det kan vere aktuelt med incentivordningar. 

Myra lagrar karbon i torva, og når den blir drenert, vert karbondioksid frigitt. Om ein restaurerer myra, det vil seie hevar vasspeilet, kan ein effekt vere at mindre karbondioksid lekk ut. Difor kan det vere eit klimatiltak. Våtmarker kan dempe flaumar, noko som er viktig når vi skal tilpasse oss eit klima med meir nedbør. Både myrer og våtmarker er viktige naturtypar å ta vare på. Å restaurere myr og våtmark er eit tiltak som kan betre den økologiske tilstanden, slik vi er forplikta etter konvensjonen om biologisk mangfald (CBD).  Konvensjonen slår fast at vi innan 2020 skal restaurere minst 15 prosent av økosystema som er blitt svekka. Å ta vare på desse naturtypane vil betre levekåra til artane som held til der, som sjeldne orkidear på myrer, og fuglar i våtmarksområde.

Kontaktperson

Mer om temaet