Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Nye estimat for gjødselmengder

Forskarar ved Bioforsk har berekna gjødselmengdene frå ulike dyreslag. Særleg ved mjølkeproduksjon kjem større gjødselmengder enn det som tidlegare er lagt til grunn. Dermed treng mjølkebonden også større lagerkapasitet.

Kyr på bås med bonde som tar stellet (Copyright: Colourbox)

Forskrift om organisk gjødsel stiller krav til gjødsellager. Lagerkapasiteten skal vere for minimum 8 månaders gjødselproduksjon. Normtala for gjødselproduksjon og lagerdimensjonering stammar frå 90-talet. Sidan er både fôring, avdrått og fjøssystem forandra. Arbeidet ved Bioforsk gjev grunnlag for å oppdatere normtala.

Rapporten frå Bioforsk er særleg aktuell ved bruk av blautgjødsellager som er utbreidd i svine- og storfehaldet. Slike lager er dyre å byggje, men det kan bli enda dyrare å ha for lite. Blautgjødselhandtering følgjer nokolunde same leist, dermed er det mogeleg å seie noko generelt om forventa gjødselmengder. Fjørfegjødsel er også omtala, sidan fjørfehald er nokså standardisert er det også her mogeleg å seie noko generelt.

Reknestykke

Forskarane tok utgangspunkt i arbeid ved NMBU i 2012 om kor mykje tørrstoff og næringsmengder som ulike husdyrslag skiljer ut. NMBU fann større mengder frå kvar mjølkeku, avlsgris og slaktekalkun enn det ein tidlegare har rekna med, noko som skuldast høgre produksjon og tilvekst per dyr. Slaktegris, -kylling og verpehøne produserer derimot noko mindre gjødsel enn tidlegare på grunn av meir effektiv fôring.

Medan vi dermed har gode estimat for tørrstoffmengden, er det avgjerande kva vassmengder som er iblanda gjødsla. Framgangsmåten til Bioforsk var å rekne på kva vassmengder som må til for å fortynne til den tørrstoffprosent som går fram av gjødselprøver. For heilt fersk gjødsel frå mjølkeku la Bioforsk til grunn ei fortynning til om lag 10 % tørrstoff. Det gav ei gjødselmengd på 1,7 tonn per ku og månad; til samanlikning estimerte normtala frå 90-talet 1,5 tonn per ku.

Vatn i gjødsla

I tillegg til det dyra skil ut, kjem vatn frå andre kjelder, som vassøl, vaskevatn og nedbør. Særleg i mjølkeproduksjon kjem mykje vaskevatn. Utandørs lagerkummer vil i tillegg samle opp nedbør.

Normtala frå 90-talet rekna 0,4 tonn/mnd vaskevatn per mjølkeku og 10 % påslag for vassøl, som gav ei estimert totalmengd på 2,1 tonn per ku og månad. Med bruk av dei same faktorane kjem Bioforsk fram til 2,3 tonn gjødsel for kyr i mjølkeproduksjon. Det inneber samstundes ei fortynning til 7,7 % tørrstoff. I tillegg kjem eventuelt påslag for nedbør, som ikkje er rekna inn i normtala frå 90-talet. Nedbør må vurderast i kvart enkelt tilfelle, som ein funksjon av nedbørmengd og areal av lageret.

Meir gjødsel målt per ku

Faktiske målinger i gjødsellager viser at storfegjødsla til vanleg ender opp med rundt 6 % tørrstoff (sjå her). Å fortynne frå 10 % til 6 % inneber at voluma må auke med forholdstalet 10:6, og Bioforsk finn såleis at dei opphavelege 1,7 tonn per månad da må fortynnast til ei totalmengd på 2,9 tonn.

Det er stort avvik mellom verdiane frå 90-talet og desse nye reknestykka, som gjer vesentleg utslag for lagerdimensjonering. Her er siste ord ikkje sagt, men faktorar som dreg opp sidan 90-talet er både auka utskiljing frå dyra, meir vaskevatn, og bruk av opne lager som samler nedbør: 

  • Bioforsks arbeid viser korleis gjødselproduksjonen aukar med avdråtten. Medan ei ku med middels avdrått produserer 1,7 tonn per månad, vil ei høgtytande ku nærme seg 2 tonn per månad.
  • Eit temaark frå Bioforsk har tabellar om kva nedbørsvolum som blir samla opp ved ulike høve.
  • Eit prosjekt utført av Landbruk Nordvest har kartlagt kva mengder vaskevatn som hamnar i gjødsla. Ved bruk av lausdriftfjøs med mjølkestall, og nokre typar mjølkerobot, nyttast oppunder 1 tonn vaskevatn per ku og månad. Her kjem i så fall totalmengden opp mot 2,9 tonn per ku og månad, før ein tek omsyn til nedbør. Prosjektet påviser også praktiske løysinger som bøndene har teke i bruk der lagra er knappe, ved mellom anna å føre vaskevatn bort frå gjødsellageret.

Resultat for gris og fjørfe

For gris finn Bioforsk tal som stemmer greit overeins med normtala frå 90-talet. Men i tråd med resultata frå NMBU finn dei noko høgre totalmengd per purke og lågare for slaktegris. Avgjerande også her er likevel om ein nyttar utandørs lagerkummer som samlar opp nedbør.

Også for fjørfe er det greit samsvar med dei gamle normtala, med unntak for kalkun som veks seg større enn før. Til skilnad frå blautgjødsel, er fjørfegjødsla tørr og vil oftast tørke etter utskiljing. Ein kan spare mykje av både næringsstoff, forureining og lager på å lagre gjødsla tørt.

Kva skjer med næringsstoffa?

For å få god planteutnytting må spreiemengdene (doseringa) avpassast etter konsentrasjonen av næringssstoff, til vanleg målt i kg per tonn gjødsel. Normtal om dette finst i gjødslingshandboka, og er basert på gjødselprøver. Men Bioforsks nye reknestykke gjev også eit grunnlag for å vurdere slike eigenskapar meir teoretisk.

Med tal for gjødselmengder per dyr frå Bioforsk, og tal næringsmengder per dyr utrekna ved NMBU, har Bioforsk gjeve nokre døme på forventa konsentrasjon av næringsstoff i heilt fersk gjødsel. Utfordringa er å rekne seg fram til sluttproduktet. Før ho blir spreidd blir gjødsla frå heile buskapen blanda saman, og konsentrasjonane blir påverka av tap og tilførsler av fleire slag.

I blautgjødselsystem følgjer likevel konsentrasjonen nokre klare samanhengar; viktigast er den generelle fortynninga som følgjer av vasstilsetjing. Vidare skjer ei spesiell fortynning av nitrogen som følgje av avdamping av ammoniakk, medan vasstilsetjing vil dempe ammoniakktapa. Alle desse effektane vil auke ved utandørs lagring der blautgjødsla er eksponert for vêr og vind.

For fjørfegjødsel er det motsett. For slik gjødsel vil opptørking virke til å dempe ammoniakktapa. Opptørking gjer samstundes gjødsla og næringsstoffa meir konsentrerte. Såleis vil ei opptørking frå 30 % tørrstoff til 50 % tørrstoff innebere at næringskonsentrasjonen aukar i høve 50:30.

Krav til lager

Krav til dimensjonering av gjødsellager er fastsett i forskrift om organisk gjødsel som krev lager tilsvarande 8 månaders produksjon. Jordbruksforetaka er ansvarlege for å følgje opp dette kravet.

Krav til lagerdimensjonering er under vurdering. Ved nybygg og utviding av lager vil SLF inntil vidare tilrå følgjande:

  • Ta inn nye tal frå Bioforsk for forventa gjødselmengde per dyr, justert opp ved høgt avdråttsnivå.
  • Påslag for vaskevatn i mjølkeproduksjon må tilpassast driftssystem, innanfor spennet 0,5 -1,0 t/ku og månad.
  • Påslag for vassøl kan vere 10 %.
  • Ved opent lager er det heilt naudsynt med påslag for nedbør, som må reknast sak for sak.

Skal ein først byggje er det god grunn til å vere på den sikre sida.

 

Prosjektfakta

Prosjekteier 

Bioforsk Midt-Norge

Periode

2011-2013

Adresse

Kvithamar, 7512 Stjørdal

Kontakt

Lars Nesheim Tlf.959 88 526,
lars.nesheim@bioforsk.no

Last ned fil:
PDF ikonMengd utskilt husdyrgjødsel - forslag til nye normtal. Bioforsk RAPPORT 8 (109).pdf (282 KB)

Samarbeidspartnere

-

lenker

http://www.bioforsk.no