Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Friluftsliv

Seter ved vann

Friluftsliv er ein del av norsk kulturarv med røter både i innhaustingstradisjonane i bygdene og turkulturen i byane. Allemannsretten, retten til fri ferdsel og opphald i utmark, utgjer fundamentet i norsk friluftslivstradisjon. Allemannsretten er tufta på respekt for naturen og omsynsfull framferd både i forhold til miljøverdiar, grunneigarar og andre brukarar.

  • Eit aktivt friluftsliv

    Gjennom eit aktivt friluftsliv aukar kunnskap og forståing av samspelet i naturen. Det er eit nasjonalt mål at alle skal ha moglegheit til å drive friluftsliv som helsefremmande, trivselskapande og miljøvennleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles.

    I 2013 vart det utarbeida ein nasjonal strategi for eit aktivt friluftsliv, som legg opp til auka bruk av by- og tett­stads­nære land­bruks­område til friluftsliv, mellom anna gjennom frivillige avtalar med grunneigarane. Det er eit spesielt fokus på tilrettelegging for barn og unge. Vidare vil regjeringa halde fram med å sikre friluftsområde slik at alle kan få tilgang til dei. Handlingsplan for statleg sikring og tilrettelegging av friluftsområde legg opp til å prioritere område ved byar og tettstader. Miljødirektoratet har overorda ansvar for å følge opp dei nasjonale målsettingane knytt til friluftsliv, og du kan finne meir informasjon om friluftsliv på deira nettstad.

  • Friluftsliv i jordbrukslandskapet

    Meld. St. 18 (2015 – 2016) «Friluftsliv – Natur som kjelde til helse og livskvalitet» legg opp til å auke samarbeidet mellom landbruket, kommunane og frivillege organisasjonar for å vidareutvikle tilbod om friluftsliv i jordbrukets kulturlandskap. Vegane i landbruket er viktige ferdselsårer for friluftsliv, og det er eit mål at landbruket i større grad bidrar til at næringa sitt behov for veg vert kombinert med behova til friluftslivet. Landbruket har eit særskilt ansvar for å gjere eigne areal tilgjengeleg for ferdsel, og for å følge opp dei nasjonale måla for friluftsliv i jordbrukslandskapet.

    Opplevinga av den nære samanhengen mellom natur og kultur er verdifull for friluftslivet. I byar og tettbygde strøk utgjer kulturlandskapet på same tid ein del av grøntstrukturen og markaområda. Forutan å ha eigenverdi som friluftslivsområde, er kulturlandskapet derfor og eit viktig bindeledd mellom byen eller tettstaden, og skog- og fjell­områda rundt. Denne bruken av kulturlandskapet aukar forståinga for dei verdiane landbruket framstiller og tek vare på, til dømes dyrka mark. Det er derfor viktig at kulturlandskapet er tilgjengeleg for friluftslivet.

    Det er viktig å tilpasse landbruksdrifta slik at vi tek vare på verdien areala har som friluftslivs- og opp­levings­område for befolkinga. Det gjer ein blant anna ved å opne for ferdsel og auke tilkomsten i landskapet. Landbruket har fleire verkemiddel som rettar seg mot friluftsliv:

    • Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) har til føremål å fremme natur- og kulturminneverdiane i kultur­landskapet og redusere forureining frå jordbruket. Det kan blant anna søkast om midlar til å tilretteleggje for større tilgjengelegheit og oppleving i landskapet, og til å halde verdifulle område opne.
    • Friluftsliv er eit av områda innanfor Regionale miljøtilskot (RMP). Aktuelle tiltak det kan søkast om tilskot til er til dømes vedlikehald av turtrasèar og merking av stiar.
    • For skogbruket gjeld lov om skogbruk, med formål om blant anna å ta omsyn til landskapet, friluftslivet og kulturverdiane i skogen. Forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK) kan gi tilskot til tiltak for å vidareutvikle miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne.

     

    Kompetansen og lokalkunnskapen til mange grunneigarar i landbruket er viktig, og grunneigarane bidrar til å fremme friluftsliv i lokalmiljøet, gjennom eit samarbeid med kommune og friluftsorganisasjonar om etablering av stiar, merking av løyper, etablering av parkeringsplassar, sal av jakt- og fiskekort osv.