Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Faggrunnlag for ein nasjonal strategi for pollinerande insekt er levert

Stortinget har gitt Regjeringa i oppdrag å lage ein nasjonal strategi for å sikre mangfaldet av villbier og andre pollinerande insekt. Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet har saman skrive grunnlagsdokumentet for strategien. Dette vart levert 31. oktober.

Åkerhumler på rundskolm_foto_Sissel Rübberdt_674x279

Foto: Sissel Rübberdt

I juni fekk Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet eit felles oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet. No foreligg grunnlagsdokumentet som foreslår fleire nye grep for å betre tilhøva for pollinerande insekt. Eit særleg viktig poeng er at ein må sjå på heile landskapet når ein utformar verkemiddel og sett i verk tiltak. Insekta får ofte ikkje dekt behova sine i eit avgrensa område. Dei gode leveområda for insekta må difor henge saman, og det krev at sektorar som skjøttar ulike areal samarbeider. Rapporten peiker også på område der det trengs meir forsking.

Framlegga til tiltak og endringar i verkemiddelbruk er ikkje grundig utgreidde eller prioriterte seg i mellom. Forslaga er å sjå på som eit første steg på vegen til å finne dei grepa som er mest riktige.

Les heile rapporten her


Høve til å gje kommentarar på rapporten

I september vart det arrangert eit møte der viktige fagmiljø var inviterte til å komme med innspel. Alle innspela/oppsummeringane frå dette møtet vart levert til departementa saman med rapporten og ligg som vedlegg. Om nokon ynskjer å gje ytterlegare kommentarer til rapporten, er det høve for det fram til 25. november. Dette skal sendast til postmottak@landbruksdirektoratet.no, og vert sendt samla til departementa som eit supplement til rapporten.

Foto på forsiden: Sissel Rübberdt

Relaterte nyheter

Mer om temaet