Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Nasjonal Kulturlandskapspris til Stokkøya

Den nasjonale Kulturlandskapsprisen 2018 er tildelt Torild Langklopp og Roar Svenning for deira initiativ og arbeid med å skjøtte kystlynghei-landskapet på eigedomen sin, Troningen gård på Stokkøya i Åfjord kommune.

Nasjonal kulturlandskapspris 2018 til Stokkøya (Copyright: Kristin Slotterøy)

Les saken hos Norsk Kulturarv

Heiene er under tilbakeføring ved rydding av skog, lyngsviing og beiting av sau. Den enorme innsatsen for kystlyngheiene på Stokkøya, er blant anna kome i stand gjennom dugnadar der WWF, Norsk Botanisk Forening, Norges Naturvern-forbund og andre interesserte aktørar, har stilt opp.

Langklopp og Svenning driv jordbruk med sau og utnyttar aktivt ressursane gjennom slått og beite. I tillegg driv dei hotellet Stokkøya Sjøsenter. Opplevingar er basert på det naturen har å tilby gjennom til dømes dykking i sjøen eller vandring i kulturlandskapet og kystlyngheiene der skuleklassar, turistar og andre aktørar stadig er på vitjing. Dette er eit godt døme på verdiskaping basert på aktivt bruk av alle gardens ressursar. Eigarane legg stor vekt på å formidle kunnskap om sitt arbeid og om kystlyngheiane til dei som kjem til Stokkøya.

Hensikten med å dele ut ein årleg nasjonal kulturlandskapspris er å:

  • Bevisstgjera allmennheita på utfordringar i forhald til kulturlandskapsverdiar
  • Auke kunnskapsnivået om kulturlandskapet
  • Bevisstgjera miljøverdiane i kulturlandskapet
  • Stimulere til å ta vare på og utvikle kulturlandskapet gjennom gode eksempel

Prisen er tidlegare tildelt:

  • 2007 – Hjartdal kommune, Telemark og ordførar Olav Tho
  • 2008 – Herand Bygdelag i Jondal kommune, Hordaland
  • 2009 – Nordherad-prosjektet i Vågå kommune, Oppland
  • 2010 – Vegaøyans Venner
  • 2011 – Maridalens Venner
  • 2012 – Historiske hager ved Marianne Olssøn og Ingeborg Sørheim, Ringsaker
  • 2013 – Hauan Gard, Re kommune
  • 2014 – Storfjordens Venner, Møre og Romsdal
  • 2015 – Fruktbygda SA, Gvarv i Telemark
  • 2016 – Ikkje utdelt pris
  • 2017 – Bøndene på Kvitsøy, Rogaland

Årest jury har bestått av –

  • Landbruks- og matminister (dengang) Jon Georg Dale - Juryleiar
  • Jørn Rolfsen, administrerande direktør i Landbruksdirektoratet
  • Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag
  • Merete Furuberg, leiar i Norsk bonde- og småbrukarlag
  • Jørn Holme, riksantikvar
  • Kirsti Kolle Grøndahl, styreleiar i Stiftelsen Norsk Kulturarv

Prisen består i eit grafisk blad utført i tresnitt av Hans Normann Dahl samt 50 000,- kroner bevilga av Landbruks- og matdepartementet.

 

 

Mer om temaet

Eksterne lenker