Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Nominer din kandidat til Kulturlandskapsprisen innan 1. april

Kjenner du nokon som har gjort ein ekstraordinær innsats for kulturlandskapet? Då kan du nominere dei til Den nasjonale kulturlandskapsprisen 2018.

Landskap i Maridalen (Copyright: SLF)

Det er Norsk Kulturarv som har teke initiativ til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen. Dei samarbeider med Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet om utvelgelsen av det beste prosjektet. Kulturlandskapsprisen har blitt delt ut sidan 2007. Prisen er på 50000 kroner og eit kunstverk.

Prisen stimulerer til å ta vare på og utvikle kulturlandskapet gjennom gode eksempel. Formålet er både å auke kunnskapsnivået og å bevisstgjera om miljøverdiane i kulturlandskapet. Samstundes som den bidrar til å bevisstgjera allmennheita på utfordringar i forhold til kulturlandskapsverdiar.

Fristen for å nominere din kandidat er 1. april.

Du kan nominere din kandidat og lese meir om kriteria for prisen på heimesidene til Norsk Kulturarv.

Prisen er tidlegare tildelt:

2007 – Hjartdal kommune, Telemark og ordførar Olav Tho

2008 – Herand Bygdelag i Jondal kommune, Hordaland

2009 – Nordherad-prosjektet i Vågå kommune, Oppland

2010 – Vegaøyans Venner

2011 – Maridalens Venner

2012 – Historiske hager ved Marianne Olssøn og Ingeborg Sørheim, Ringsaker

2013 – Hauan Gard, Re kommune

2014 – Storfjordens Venner, Møre og Romsdal

2015 – Fruktbygda SA, Gvarv i Telemark

2016 – Ikkje utdelt pris

2017 – Bøndene på Kvitsøy

 

Mer om temaet

Eksterne lenker