Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Pris for kulturlandskap til Lofoten

Den nasjonale kulturlandskapsprisen 2019 vart tysdag tildelt Uttakleiv grendelag i Vestvågøy i Lofoten. Landbruks- og matminister Olaug Bollestad delte ut prisen.

Uttakleiv representerer den viktige kystkulturen og fiskarbondens landskap, der det ligg mellom høge fjell, nordvendt og heilt ope ut mot storhavet. Dette sanddynelandskapet med strandenger omkransa av kulturenger, artsrike beitelier og bratte fjell, har vore heimstaden for menneske lenge.

Juryen grunngjev tildelinga med at Uttakleiv grendelag over tid har gjort ein svært viktig og ekstraordinær innsats for å bevare eit sårbart og artsrikt kulturlandskap. Samstundes er det gjennomført naudsynte tiltak for å bevare kulturverdiar og legge til rette for ferdsel og opplevingar i dette unike kulturlandskapet.

Norsk Kulturarv har teke initiativ til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen, og samarbeider med Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet om å velje det beste prosjektet kvart år. Fylkesmennenes landbruksavdelingar, fylkeskommunane, bondeorganisasjonane og andre er forslagsstillarar til kandidatar til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen.

Les meir om prisvinnaren på nettsida til Norsk Kulturarv.

Mer om temaet