Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Buskerud: Leveld

Leveld i Ål er ei bygd med tun på rekkje i dalsida. Bygda har ein god bevart struktur med teigdelt innmark, steingjerde og rydningsrøyser. Eit av særprega til Leveld er at beitemarkene er samanhengande frå bygda til heimstølane. Dei smale teigane strekkjer seg frå dalbotnen og oppover til utmarka, frå ca. 700 - 950 moh. Jordbrukslandskapet i Leveld er ein god representant for fjellbygdene i Buskerud og fortel ein viktig del av jordbrukshistoria i fylket.

Leveld - foto Jørn Jensen (Copyright: Jørn Jensen)

Leveld er ei bygd med eit aktivt jordbruk. Av totalt ca. 6 000 daa blir rundt 4 000 daa brukt som innmarksbeite, 1 700 daa er fulldyrka areal og resten er skog. Alle dei 49 gardsbruka i Leveld blir drivne, og 16 av desse har i dag aktiv husdyrdrift. Landbruksdrifta består av mjølk- og kjøtproduksjon på storfe, sau og geit med tilhøyrande grasproduksjon og beite på inn- og utmark. 

Området har svært høg botanisk verdi.  Store område med artsrike beitemarker ber preg av lang kontinuitet. Området har stort sett bevart den tradisjonelle strukturen og unngått større inngrep i form av bustadfelt, annan busetnad som ikkje er knytt til jordbruk eller større veganlegg.

Hovudvegen går nede i dalbotnen medan bygdevegen tråklar seg fram mellom tuna i dalsida. Eldre våningshus og uthus er godt teke vare på i de gamle tunmiljøa, og det er fleire steingjerde, rydningsrøyser og tufter etter løer og vårfjøs. I dalbotn er det store, flate areal med til dels fuktig og kald jord. Beste sol- og veksttilhøva finn ein ovanfor tuna. Der var det tidlegare åkrar med bygg og poteter. Mange av steingjerda stammar frå fulldyrking tidleg på 1900-talet.

Ål kommune: Buskerud

Jordbruksregion
Sør-Norges dal- og fjellbygder

Områdetype
Bygd i dalside med tun på rekke og teigdelt innmark