Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Hordaland: Gjuvslandslia

Gjuvslandslia høyrer til garden Gjuvsland, og omfattar i alt sju teigar som tidlegare har vore utslåtter. På dei ulike teigane har det i tillegg til slått og beiting vore hausta lauv til fôr, teke ut hassel til tønneband, hausta nøtter, plommer, barlind og kristtorn til pyntegrønt.

Gjuvslandslia. Utløe og naust.  (Copyright: Synnøve Kløve-Graue, Fylkesmannen i Hordaland)

Lia ligg søraustvendt til ut mot Hardangerfjorden og skrår jamt, med ei gjennomsnittlig helling på 38 grader. Berre nedst mot sjøen flatar den noko ut.

Topografien gir eit gunstig lokalklima, samstundes som berggrunnen er kalkrik. Den naturlege vegetasjonen i Gjuvslandslia er difor edellauvskog med rikt innslag av kalkkrevjande artar. Størstedelen av området er eit landskapsvernområde med plantelivsfreding for treslaga barlind og kristtorn.

Slåtteteigen med bruksnr. 170/5 ligg sentralt i området, og er den teigen som er halden best i hevd. Her finn vi ei velstelt og artsrik slåttemark. Svært viktige og verdifulle registrerte artar er mellom anna hjartegras, engstarr, augnetrøst, steinstorkenebb, vill-lin, gjeldkarve, karve, nattfiol, storblåfjør, småengkall og musekløver.

Slåtteenga har vore stelt på tradisjonell vis med slått og beiting fram til i dag. Skjøtsel av enga inneber beiting av sau vår og haust, raking etter beiting, slått seint på sommaren og tørking av høyet på bakken eller i hesjer. Høyet vert mellomlagra i utløa. Utpå ettervinteren vert det frakta heim i båt.

Gjuvslandslia inneheld mange ulike kulturminne. Mellom tuna på garden og lia renn Gjuvslandselva i eit trongt juv. Her er det tredemningar etter sagbruksdrift . Sørvest for elva ligg den vassdrivne saga som tidlegare var ei oppgangssag i felleseige mellom fire bruk.

Frå gangbrua over elva går ein smal sti nordaustover gjennom teigane, nokre stader er den fint lagt på bakkemurar. På fleire av teigane står det utløer og naust som er knytt til den tradisjonelle drifta.

Kvinnherad kommune, Hordaland

Jordbruksregion
Fjordene på Vestlandet og i Trøndelag

Områdetype
Høstingslandskap i utmark. Utslåtter under gården Gjuvsland på Varaldsøy

100 dekar

Bildegalleri