Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Hordaland: Havrå

Havrå er ein heilskapleg fjordgard, slik dei var før utskiftinga på 1800-talet. Garden er arkitektonisk og kulturhistorisk eit nasjonalt eineståande fjordgardsanlegg med eit svært godt bevart vestnorsk klyngetun med original teigblanding. Sidan jordbruksareala aldri har vore utskifta, er bygningar og teigar organisert og drifta i eit elles utdøydd eigedomssystem. Her finst svært lite av nyare inngrep og modernisert drift.

Havrå - foto Øyvind Vatshelle (Copyright: Øyvind Vatshelle)

Det sørvendte klyngetunet på Havrå ligg mellom to åsryggar i eit komplett kulturlandskap frå stø til li, med teigdelinga intakt. Havrå representerer i dag eit eineståande fjordgardsanlegg teke vare på i opphaveleg form fram til vår tid. Heile området vart freda som kulturmiljø etter kulturminnelova som det første i Noreg i 1998. Føremålet er å ta vare på og sikre eit nasjonalt kulturhistorisk og arkitektonisk eineståande fjordgardsanlegg, både som historisk referanse, kjelde til kunnskap om levekår og driftsform knytt til det førindustrielle landbruket med tilhøyrande binæringar, og å sikra opplevingsverdien av staden. 

Området har ein mosaikk av fleire kulturbetinga naturtypar, der slåttemark, naturbeitemark, hagemark, beiteskog og store, gamle tre er dei viktigaste, samt haustingsskog. Slåttemarka og haustingsskogen er nasjonalt verdifulle lokalitetar. Det eldste kulturminnet på Havrå er ein heller nede ved fjorden med gjenstandsfunn frå steinalderen. Her finst åkerreiner frå slutten av steinalderen, spor etter busetnad frå bronsealderen, og tufter frå øydegardsanlegg, minst ein gravhaug, og ein åker frå vikingtid. Fegata frå tunet og bøgarden mellom innmark og utmark er godt bevarte.

Det tradisjonelle klyngetunet, med åtte ulike bruk og 32 bygningar, er nær intakt. Midtlies finst steingardar og gardflorar, ved elva seks kvernhus med renner og hjul, og ved sjøen fleire naust og ei utrasa kai. Den gamle vegen langs fjorden går frå gard til gard. Gamle vegfar går elles frå tunet og ut i landskapet, der det også finst eit omfattande veitesystem. 

Kring 20 grunneigarar eig husa i tunet, delvis nytta som fritidsbustad og nokre faste busette. Hordaland fylkeskommune har ansvar for anlegget og drifta gjennom Museumssenteret i Hordaland, som eig og driv tre av bruka med fire tilsette på årsbasis, som har kontor i tunet. Museumssenteret driv med husdyrhald og åkerbruk og tre grunneigarar driv noko i mindre skala. Dei tradisjonelle driftsmåtane med stadeigen reiskapskultur og arbeidsteknikk vert haldne i hevd. Andre grunneigarar driv med noko slått, sauehald og åkerbruk, ikkje med tradisjonelle metodar, men har kunnskap om dei.

Osterøy kommune, Hordaland

Jordbruksregion
Fjordbygdene på Vestlandet og i Trøndelag

Områdetype
Fjordlandskap med klyngetun og intakt teigstruktur