Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Møre og Romsdal: Fjellgardane og seterdalane i Øvre Sunndal

Det utvalde området ligg lengst aust i Sunndal kommune og grensar mot Sør-Trøndelag og Oppland. Naturen er svært dramatisk, med skogkledde stupbratte lier, djupe juv og elvegjel, grusterrassar, breie dalar med godt beite og seterdrift. Fire fossar stuper ned i Jenstadjuvet og renn saman i Åmotan. Attanfor ligg fjellviddene med toppar opp mot 2000 meter over havet.

Seterbygning.  (Copyright: Ola Betten)

Heile planområdet omfattar 23 bruk med innmark samt seterdalane med beitemark opp til snaufjellet, til saman 101.000 dekar. Innmarka ligg frå 200 til vel800 meterover havet  og vert driven av 6 brukarar.  Samla innmarksareal utgjer i dag 813 dekar,  av dette er 103 dekar naturbasefigurar der det er utarbeidde skjøtselsplanar. Det er aktive bruk på Jenstad, Lundli,  Svisdal, Hafsås, Svøu og Røymoen. I området beiter i dag nær 3000 sauer og lam og knapt 200 storfe/hestar. I tillegg til grunneigarane er det også andre brukarar som leiger beiteareal.

Verdiane i kulturlandskapet er svært godt dokumentert gjennom mange registreringar. Dei biologiske verdiane i området er knytt til kalkrike og veldig artsrike seterdalar med naturbeitemarker og skogsbeite.

Her finst eit intakt høgfjellsøkosystem med  mellom anna villrein, moskus, jerv og fjellrev. Landskapsverdiane er likevel i stor grad knytt til kulturmarkene med gamle brunsvidde tømmerhus og opne beitemarker, slåttemarker og åkrar.

Det er mange fornminne som fangst/dyregraver, gamle hustufter og gravrøyser som representerer historia heilt frå steinalderen. Det er også fleire gamle gardar som er haldne godt i hevd. Døme på det er Svøu/Svisdal og Jenstad som truleg er frå yngre jernalder. Svøu/Svisdal er to fjellgardar som ligg oppe i fjellet ved elva Grødøla, omlag600 moh. Gardane har mange gamle gardshus av høg verdi som kulturminne.

I høgfjellsdalane ligg det svært mange  setrer. Desse vitnar om at det har vore stor aktivitet i desse områda. På Gammelsetra i Grudalen har det vore kontinuerleg seterdrift frå ”gammeltida” og fram til i dag. Her er det mjølkekyr kvar sommar, og det vert produsert smør, ost, gubb osb. etter gammal oppskrift. Det vert halde årlege seterkurs på denne setra.

I 2002 vart deler av dette nasjonalt viktige kulturlandskapet verna som Åmotan-Grøvudalen landskapsvernområde. Området grenser også til Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark. Deler av Grøvuvassdraget er altså både nasjonalt verdifullt kulturlandskap og samtidig verna som landskapsvernområde der bevaring av kulturlandskap er ein del av verneformålet.

Sunndal kommune. Møre og Romsdal

Jordbruksregion
Sør-Norges dal- og fjellbygder

Områdetype
Gårds- og seterlandskap ved Grøvuvassdraget

101 000 dekar

Bildegalleri