Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Møre og Romsdal: Alnes på Godøya

Alnes på Godøya er eit typisk fiskarbondelandskap på nordvestlandet. Samanhengen mellom dei tradisjonelle næringsvegane - kombinasjonen mellom landbruk og fiske – er tydeleg i landskapet og gir eit heilskapleg fiskarbondelandskap ilag med fyret på ytste neset ut mot havet.

Alnes på Godøya - foto Lene Gjelsvik (Copyright: Lene Gjelsvik)

Alnes på Godøya er eit ope og relativt lite område med konsentrert busetnad langs sjøen, jordbruksareal i karakteristisk teigblanding bakanfor og beiteareal i lia opp mot fjellet. Fiskeværet i klynge ligg ute på ytste neset av strandflata. Og det er klyngetun med våningshus, uthus/løer på baksida og naustrekke fram mot sjøen, jordteigar og beitebakkar inn mot liene og fjellsida. Skulehus og bedehus er intakt, og rundt 70 bygningar er SEFRAK-registrerte. Alnes fyrstasjon vart vedtaksfreda i år 2000, og eit nytt opplevingssenter opna ved fyret i 2016.

Landbruket består av småskala drift med i dag to aktive sauebruk på sjølve Alneset, og elles mjølkeproduksjon og småfehald på Godøya. Den store naturbeitemark i Alneslia er ei av dei viktigaste på ytterkysten i Møre og Romsdal, og kystlynghei oppe på fjellet, sanddyner, nordvendte kystberg og blokkmark er andre viktige naturtypeførekomstar.

Området er representativt for kystsamfunna som har levd av kombinasjonen jordbruk/fiske/fangst i denne delen av landet heilt frå den første busetnaden etter istida. På same tid er dette eit særs særprega øylandskap, med det opne kulturlandskapet på strandflata, omgjeve av beitelier og bratte fjellsider på eine sida og sjøen på andre

 

Giske kommune

Jordbruksregion
Kysten fra Sør-Norge til Nordland

Områdetype
Kyst- og øylandskap med fiskevær og beitemarker