Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Møre og Romsdal: Hjørundfjorden og Norangsdalen

Hjørundfjorden er ei arm i vestre del av fjordsystemet Storfjorden, som lenger inne forgreinar seg til den kjende turistbygda Geiranger.

Norangsdalen-Hjørundfjorden foto Per Urke_MR_436_174

Skildring av området
Den lange og smale Hjørundfjorden går sør-søraust frå Storfjorden til bygda Bjørke inst i fjorden, omkransa av bratte og alpine fjell som nokre stadar blir brotne opp av mindre dalføre. Norangsfjorden går inn på austsida til den tronge Norangsdalen.

Området er representativt for fjord- og dallandskap på Vestlandet, der mykje av historia er knytt til naturen og naturkreftene. Marginale jordressursar ved fjorden og i dalar, utmarksressursar og fjordfiske har gjeve grunnlag for busetnad. Mange av dei spreidde bruka ligg brattlendt til, nokre veglause og fråflytta. I dag er jordbrukslandskapet modernisert og konsentrert i større bygdelag.

Historie
I landskapet finst det fleire kulturminneområde og spor etter tidleg dyrking, til dømes gravrøyser, åkerterrassar og rydningsrøyser. Busetnaden er prega av at han måtte leggjast der det har vore tryggast i dette rasfarlege landskapet under bratte fjell. Klyngetunet på Finnes er eit døme på det og eit av dei få bevarte klyngetuna som framleis er busett. Bakketunet i Hjørundfjorden er freda.

Historiske hotell frå slutten av 1800-tallet, blant anna Hotel Union på Øye, fortel om byrjinga av turismen til Hjørundfjorden, Norangsdalen og Geirangerfjorden. På denne tida kom turistane båtvegen hit frå Europa. Den europeiske adelsklassen og kongelege utforska fjordar og fjell. Klatrepionerane dreiv tinderangling i dei alpine fjella.

Særpreg for kulturlandskapet
Området har stor variasjon i topografi og naturtypar frå fjord til fjell. Her er fleire store edellauvskogar som har vore nytta som beiteskog, og slåtteeng og naturbeitemark med stort biologisk mangfald. Det er også registrert raudlista artar både av fugl, ulike treslag og karplanter.

Området har eit høgt tal verneverdige bygningar knytt til busetting og drift på gardar og setrer. Her er også hustufter, naust, steingjerde, gamle vegfar og bruer.

Aktivitet i området i dag
Busetnaden er i dag konsentrert i bygder i dei nedre delane av dalføra, og her er jordbruket modernisert. Det er om lag 130 gardseigedomar i området, og 35 av dei er i drift. Her er mjølkeproduksjon på ku og geit og kjøtproduksjon på storfe og sau.

Landskapet inneheld store natur- og kulturmiljøverdiar som gjer området rikt på opplevingsmulegheiter. Området ligg sentralt på Sunnmøre og har i dag stor verdi for rekreasjon, friluftsliv og reiseliv. Dei siste åra har Hurtigruta lagt turar inn i fjorden og det utvalde kulturlandskapsområdet på sommaren. Eit aktivt kulturvernlag i området tek vare på og formidlar historia til kulturlandskapet og folket langs fjorden.

 MøreOgRomsdal_1023_717

 

Ørsta kommune, Møre og Romsdal

Landskapstype
Fjordlandskap med trong fjord og bratte fjell med delvis veglause gardar

Landskapsregion
Midtre bygder på Vestlandet

Jordbruksregion
Fjordbygdene på Vestlandet og i Trøndelag

Areal
76 000 daa landareal

Lenke til kart i Naturbase