Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Nye utvalde kulturlandskap i jordbruket

Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet har utpeikt nye utvalde kulturlandskap i jordbruket.

Dette er kulturlandskap med svært store verdiar knytt til biologi, naturmangfald og kulturhistorie. Innan 2020 har vi 46 utvalde kulturlandskapsområde - nokre i kvart fylke.

Suldal Foto: Jarle Lunde

Suldal. Foto: Copyright, Jarle Lunde.


Dei nye områda som får status som utvalde kulturlandskap er følgjande:

Frå 2018:

  • Helgøya, Hedmark
  • Stølsvidda, Oppland
  • Furøya, Aust-Agder
  • Suldal, Rogaland
  • Midtre Lærdal, Sogn og fjordane
  • Norangsdalen-Hjørundfjorden, Møre og Romsdal
  • Klevgardan, Trøndelag
  • Frostating, Trøndelag
  • Røst, Nordland

Frå 2019-2020:

  • Austrått, Trøndelag
  • Finnebosetninger i Finnskogen
  • Skoltebyen i Neiden, Finnmark
  • Ullensvang, Hordaland
  • Det pågår arbeid med å få på plass eit område til i Oppland (Tingelstad).

Les meir om utvalde kulturlandskap i jordbruket

Dei nye kulturlandskapa som er utvalde sikrar at vi i enda større grad famnar mangfaldet av ulike jordbrukslandskap i Noreg.

Frivillighet, høg kvalitet og god lokal og regional forankring har vore sentralt i utveljinga og utvikling av dei områda som er med. Det er eit krav til områda at det er realistisk å få til langsiktig drift, skjøtsel og vedlikehold. 

Satsinga på Utvalde kulturlandskap i jordbruket vart etablert i 2009. Formålet er å sikre ei langsiktig forvalting av eit utval jordbrukslandskap med svært store biologiske og kulturhistoriske verdiar.

Dei nye områda er utpeikt etter ei tilråding frå Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren.

Les saken hos Landbruks- og matdepartementet

 

Kontaktperson

Mer om temaet