Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Oppland: Nordherad

Nordherad er eit aktivt jordbruksområde på nordsida av Vågåvatnet (362 moh.), vest for Vågåmo sentrum. Det ligg godt synleg frå riksveg 15 som eit bratt, solrikt og ope mosaikklandskap med stor estetisk verdi.

Grevrustsetra på Nørdre Nistingen.  (Copyright: Bjørg Schultz og Per Stabell)

Det er om lag 55 landbrukseigedommar i området, og ca. 30 av desse er i sjølvstendig drift. Dei fleste gardane har beitande husdyr. Nordherad har store høgdeforskjellar, og gardsbruka ligg grovt sagt i to «etasjar», den eine langs Vågåvatnet og den andre opp mot utmarka. Mellom desse to nivåa er det bratte lier med beitemark og skog. Ovanfor grenda, ca. 900 moh. ligg dei to setergrendene Nordre og Søndre Nistingen.

Store, brune tømmerbygningar dominerer landskapsbildet. Det finst òg mange mindre uthus med ulike funksjonar, som m.a. eldhus, tørrstugu og lyu. Bygningane er stort sett samla i tette gardstun. Nordherad har Noregs tettaste samling av freda landbruksbygningar, totalt 38 hus fordelt på seks gardstun.

Det ekstremt nedbørfattige klimaet og den kalkholdige berggrunnen gir grunnlag for ein artsrik «steppevegetasjon». Særleg førekomstane av sjeldne lavartar er unik og er med på å gi området internasjonal status i biologisk samanheng. Det er kartfesta 80 lokalitetar med spesielle naturverdiar, først og fremst ugjødsla beitemark. Til saman 70 raudlisteartar av lav, sopp, planter og dyr er registrerte.

Forutan den verdfulle bygningsmassen, har Nordherad mange kulturminne frå forskjellige tidsepokar. Busettinga er gammal, og fleire felt med skålgroper i berget fortel om kultverksemd i bronsealderen. Ei pollenanalyse har vist at dei fyrste spora av jordbruksdrift er frå ca. 200 e. kr. Mange små og fraflytta rydningsplassar i utmarka illustrerer store sosiale forskjellar i tidlegare tider. Det er òg mange spor etter til dømes gamle vatningssystem og steinbrot.

Sidan 1999 har grunneigarane sjølve drive «Nordheradsprosjektet» for å ta vare på kulturlandskapet og legge til rette for ferdsel og opplevingar. Prosjektet fekk den nasjonale kulturlandskapsprisen frå Norsk Kulturarv i 2009.

Vågå kommune, Oppland

Jordbruksregion
Sør-Norges dal- og fjellbygder

Områdetype
Dalgrend ved Vågåvatnet. Gårdslandskap med innmark, tette gårdstun, beitelandskap i utmark, skog og seterlandskap

14 000 dekar

Utvalde kulturlandskap i Nordherad har eiga heimeside

 

Bildegalleri