Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Oppland: Stølsvidda

Stølsvidda er eit stort samanhengande stølsområde på fjellet mellom Valdres og Hemsedal.

Stølsvidda_foto_Kari_Stensgaard_436_174

Beskrivelse av området
Stølane ligg konsentrert i  grender/stølslag, med aktiv mjølkeproduksjon basert på omfattande bruk av utmarksbeite. På grunn av dette er store delar av landskapet opne heier, og ikkje attvakse med lauvskog.

Historie
Stølsdrifra i området har fleire hundre år gamle tradisjonar. Her har det vore stølsdrift attende til seinmiddelalderen, med størst aktivitet på 1700- og 1800-talet. Den vanlegaste forma for stølsbruk i Valdres har vore eit såkalla "fullseterbruk", der både folk og dyr ligg på stølen heile sommaren.

Særpreg for kulturlandskapet
Dei fleste stølane har sel, fjøs og løe. Byggeskikken representerer den midtre delen av Valdres. Dei eldste husa er i laft og stavverk, sela er ofte panelte og måla. Ikkje mange løer står att, men  stadsnamn og tufter vitnar framleis om bruken av områda. Stølsvidda har rik kulturmark og på grunn av kulturlandskapsmosaikken er desse landskapa viktige for naturmangfaldet. Landskapet er lett å oppfatte og har bygningsmiljø som er prega både av eldre og nyare driftsmåtar.

Stølsvidda er eit nøkkelområde som representant for seterlandskapet i Valdres – den regionen i Norge og Europa som har hatt klart mest omfattande seterdrift. Området har framleis den største konsentrasjonen av aktive setre i Noreg.

Aktivitet i området i dag
Området er oversiktleg, godt tilgjengeleg og eit populært turistmål, som òg ligg nær andre turistområde i Valdres og Hallingdal. Det vert drive seterturisme basert på aktiv drift og formidling av denne.

Oppland_625_719

 

Nord-Aurdal og Vestre Slidre kommunar, Oppland

Landskapstype
Seterlandskap med "vidde karakter" og preg av aktiv drift 

Landskapsregion
Fjellskogen i Sør-Norge

Jordbruksregion
Fjellområdene i Sør-Norge

Areal
34 800 daa, inkludert 13 500 daa jordbruksareal

 

Lenke til kart i Naturbase