Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Rogaland: Hodne-Vikevåg, Helland-Bø og Førsvoll

Dei tre separate utvalde områda på Rennesøy, midt i Rogaland, har eit variert flott kulturlandskap med dominans av kystlynghei i høgda. I bratte hellingar mot kystlinja er det tørrbakkar, eng og lauvtrelundar med svært høgt artsmangfald. Kulturminne frå gamal og nyare tid er godt synleg langs mange tilrettelagde turstiar. Frå toppane har turgåarar fri sikt i alle retningar.

Fra Hodne. (Copyright: Nono Dimby)

Dei eldste spor av busetting i landet ligg på Rennesøy. Ein brukshistoria gjennom ca. 6000 år finn ein att i gravhaugar, piggsteingarder, steingarder, gamle ferdselsårer, nausttufter og torvhus m.m. Kystlyngheiområda, eit resultat av brenning og beitedyr gjennom generasjonar, var utsatt for å forsvinne pga. moderne landbruksdrift.

Skjøtselsavtalane grunneigarar har inngått under Utvalgte kulturlandskap gjer at store område med kystlynghei og anna areal med verdifult biologisk mangfald blir bevart og samstundes nytta til landbruksdrift. Gamle kulturminne skal ryddast fram og nyare kulturminner er/skal restaurerast. Områda ligg lett tilgjengeleg for friluftsopplevingar og det er mykje turgåarar på dei merka turstiane i områda.

Hodne-Sel-Dale dekker sør og austsida av Rennesøy. På platået dominerer kystlynghei og grashei. Av dei over 480 planteartane i dei stupbratte sørvestvendte hellingane er det mange trua arter i tillegg til mange andre sjeldne artar. Dvergmarikåpe, saronnellik, myk sisselrot, sandfaks og ekornsvingel veks ingen andre stader i Noreg. Det store artsmangfaldet har sitt opphav i generasjonar med aktiv landbruksdrift, stor variasjon i jordsmonn, svært milde vintrar og varme somrar. Dette gir gode og varierte vekstvilkår for planteartar.

Førsvoll midt på Rennesøy ligg i eit flott opent kulturlandskap. Garden har ei forhistorie med spor tilbake til folkevandringstida. Taket på den store unike steinløa frå 1841 er nyss restaurert i tradisjonell grindstil. Sauehuset, eldhuset og torvhuset frå midten av 1800-talet er bygd av tørrmur. Austbøheia i nord er i hovudsak eit flott kystlyngheiområde godt avgrensa av steingardar mot nord.

Helland-Bø er lokalisert langs den vestlege kyststripa av Rennesøy frå nord til sør. Dei stupbratte skråningane mot fjorden er saman med opne kystlyngheiområde på platået, viktige leveområde for mange fugleartar. På innmarksbeiter langs kyststripa i nord er den sjeldne dvergmarikåpa å finna.

Jamn og målretta vedlikehald av kulturlandskapet er ein viktig føresetnad for at heilskapen av kvalitetane i desse områda blir teken vare på.

Rennesøy kommune, Rogaland

Jordbruksregion
Fjordene på Vestlandet og i Trøndelag

Områdetype
Fjordbygd på Rennesøy med gårdsanlegg, innmark, utmark og kystlynghei

9 500 dekar 

Bildegalleri